– Fylket vårt er under angrep

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes talte til fylkestinget i dag onsdag, og sa at fylkeskommunen er under angrep. Ho viste til tema som sentralisering, kommunestruktur, høgskulereform, landbrukspolitikk og ikkje minst store kutt for fylkeskommunen.

– Frå eg kom inn i fylkestinget for 22 år sidan har eg aldri, eg gjentek ALDRI, vore i nærleiken av ein så alvorleg situasjon for fylket vårt. Eg trur bestemt heller ikkje mine forgjengarar har opplevd tilsvarande, slo Kjelsnes fast frå talarstolen.

I mai la kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner fram forslaget til nytt inntektssystem for fylkeskommunane. Her går det fram at Sogn og Fjordane kan mista opp mot 250 millionar kroner i året dei neste åra.

– Eg vil ikkje sitte i ro og sjå på at mitt kjære– vårt kjære– Sogn og Fjordane,sakte men sikkert kan bli eit reservat for spesielt interesserte, sa fylkesordføraren i talen sin.

LES OGSÅ: Vil slå saman fylke

Ho meiner det er regjeringa som står for angrepet på Sogn og Fjordane og ramsa opp ei rekke område der ho meiner fylket er utsett for angrep.

Les heile talen til fylkesordføraren!

Følg fylkestingsmøtet 11. juni direkte her.