Fylkesutvalet sa ja til Vestlandsregionen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sa ja til Vestlandsregionen

Saka var først publisert i Porten.no.

Leikanger: Fylkesordførar Jenny Følling røysta for vedtaket som blei gjort i fylkesutvalet måndag med unntak av det første punkta som seier at Sogn og Fjordane er positiv til at det vert etablert sterk og attraktiv folkevald Vestlandsregion (sjå heile vedtaket nedst i artikkelen).

Representantane frå Arbeidarpartiet, KrF, FrP, Høgre og Venstre stilte seg bak det positive vedtaket til ein vestlandsregion med Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

– Vil ikkje vere fritt vilt
Tysdag og onsdag møtest fylkestinget og skal avgjere saka. Mest sannsynleg er det onsdag sjølve debatten rundt Vestlandsregionen vil koma. 

– Det har vore ein lang prosess, der me gjorde det første vedtaket i desember i fjor. No skal me gi vårt råd om kva Sogn og Fjordane ser føre seg når Stortinget har sagt at tal fylkeskommunar skal halverast, seier Følling til Porten.no tysdag morgon.

– Eg trur det ligg tungt på alle politikarar at me er eit fylke som ikkje vil splittast opp og vere fritt vilt. Viss Stortinget gjer alvor av å halvere tal fylkeskommunar, då skjer det noko med vårt fylke, og då vil me vere samla. 

I fylkesutvalet fremja Senterpartiet eit framlegg der ein seier at så lenge framtidige oppgåver for det regionale folkevalde nivået ikkje er avklart, så skal Sogn og Fjordane halde fram som eige fylke. Dette framlegget fekk to røyster og fall.

Les meir om Vestlandsregionen her!

Står på for nynorsk
Vel 250 høyringssvar har kome inn etter ein brei høyringsprosess i haust, men interessa blant folk har vore så som så, slik ho også var i diskusjonen kring kommunereform.

– Interessa har tatt seg opp. Ting har gått såpass raskt at det har vore vanskeleg for folk å henge med, men me har fått ein frist til å gi eit råd. Elles må eg seier at debatten verkeleg har tatt av på nynorsken, og ære vere dei for det, seier Følling.

Ifølgje ei oppteljing gjort av Nynorsk Kultursentrum har det kome inn 476 høyringssvar for nynorsk i Vestlandsregionen til dei tre fylkeskommunane. Les saka her!

Har registrert utspel frå Rogaland FrP
Måndag fekk reforma eit skot for baugen då Framstegspartiet i Rogaland sa nei og dermed kan vippe det til eit nei til intensjonsplanen frå Rogaland. Her skal fylkestinget først møtast i neste veke.

– Me må vente og sjå kva fylkestinget seier. Det er dei som har det siste ordet. Viss Rogaland ikkje er med, har me ein plan B, og det er å snakke med Hordaland og høyre med Møre og Romsdal.

– Leiaren i Rogaland FrP sa dei ikkje ville vere med Sogn og Fjordane. Kva tenkjer du om det?

– Eg høyrer dei seier det, men det er ikkje det som er framforhandla i planen. Det er signert ein intensjonsplan der me skal vere med. 

Til sjuande og sist ligg det heile i hendene på Stortinget. Tysdag seier Frp-politikar og leiar for kommunal-komiteen på Stortinget Helge André Njåstad at det er Stortinget som bestemmer til slutt, og dermed kan dei tvinge Rogaland inn i regionen.

Slik ser vedtaket ut:

Punkt 1 i vedtaket frå fylkesutvalet er vedteke med sju mot to røyster, medan punkt 2–5 vart vedtekne med åtte mot ei røyst, då fylkesordførar Jenny Følling (Sp) slutta seg til fleirtalet på dei punkta.  

Fleirtalsvedtaket frå fylkesutvalet ser slik ut:

1. Fylkestinget i Sogn og Fjordane er positiv til at det vert etablert ein sterk og attraktiv folkevald Vestlandsregion med høg kvalitet i tenestene til innbyggjarane og ei framtidsretta samfunnsutvikling. 

2. Fylkestinget legg til grunn at eit fleirtal i Stortinget i handsaming av St.mld. nr 22 tidlegare i år har sagt at det folkevalde regionale nivået skal reduserast vesentleg. Fylkestinget vil at Sogn og Fjordane vert ein del av ein større region, og syner i denne samanheng til intensjonsplanen av 15.09.2016 og den gjennomførte høyrings-prosessen. Fylkestinget syner særleg til dei innkomne uttalane frå kommunane. 

Fylkestinget vil , med grunnlag i inndelingslova, søkje statleg styresmakt om samanslåing med grunnlag i intensjonsplanen. Det er ein føresetnad at Hordaland og Rogaland fylkeskommunar søkjer tilsvarande.

Fylkestinget vil nemne opp sine representantar til fellesnemnda jf. Inndelingslova §26. Fylkestinget vil då også ta stilling til kva mandat og avgjerdsmynde fellesnemnda bør få. 

3. Fylkestinget understrekar at det er heilt uakseptabelt å dele noverande Sogn og Fjordane mellom ulike regionar.

Fylkestinget legg intensjonsplanen av 15.09.16 til grunn for ein ny vestlandsregion, med følgjande presiseringar: 

a) Det er ein viktig føresetnad at  krava om oppgåver som er fremja i kapittel 10 i Intensjonsplanen vert følgt opp frå sentrale styresmakter både når det gjeld eksisterande og nye oppgåver.

b) Den framtidige administrasjons – og tenestestrukturen må byggje på desentralisering, makt – spreiing og prinsippet om å ta heile regionen i bruk. Tilsette må gjennom ein brukarnær og desentralisert struktur kunne utføre sine oppgåver innanfor alle sentrale fagområde og sektorar, sjølv om dei ikkje arbeider der den administrative leiinga har hovudsete. Ved framtidig rekruttering må dette prinsippet stå sentralt. 

c) Fylkestinget i Sogn og Fjordane føreset at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Fylkestinget i Sogn og Fjordane føreset at Vestlandsregionen gjer vedtak om at staten bruker nynorsk til regionen.

d) Dersom dei nye folkevalde regionane (nasjonalt) får svært ulike innbyggjartal, må Stortinget kunne fråvike generalistprinsippet for oppgåvedeling mellom staten og regionane.

e) Ekspertutvalet som i 2017 skal opprettast i samband med regionreforma, må leggje til rette for at Stortinget kan overføre viktige samfunnsoppgåver frå statleg til regionalt folkevalt nivå. Både rolla som samfunnsutviklar og rolla som leverandør av offentlege tenester og velferdsytingar må styrkast. Fylkeskommunane må vere godt representerte i nemnde utval. 

f) Fylkesmannsembetet på Vestlandet må få ei organisering og ei regional inndeling som samsvarer med det folkevalde regionale nivået sin geografiske struktur. Fylkesmannsembetet må få ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, med leiing frå Sogn og Fjordane. 

g) Vi syner elles særleg til  premissane i intensjonsavtalen sitt kapittel 10, som også er omtala tidlegare i dette vedtaket. 

5. Dersom dei andre fylkeskommunane gjennom vedtak på fylkestinga i desember 2016, ikkje går inn for etablering av ein Vestlandsregion, går fylkestinget inn for at det oppnemnde forhandlingsutvalet for regionreforma får fullmakt til å starte og gjennomføre ny dialog og forhandlingar om  alternativ ny regionløysing:

Samanslåing av fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland, der det også vert opna opp for å invitere Møre og Romsdal inn i forhandlingar om ei slik løysing.

Slike eventuelle forhandlingar føreset at Møre og Romsdal, innan utgangen av 2016, stadfestar at dei vil vere med å forhandle om ein intensjonsplan med ein struktur og eit detaljeringsnivå tilsvarande planen av 15.09.16. Møre og Romsdal må òg akseptere ei framdrift som gjev grunnlag for nye fylkestingsvedtak innan utgangen av januar 2017. Dette føreset at også Hordaland aksepterer ein slik invitasjon.

I dette tilfelle gjeld pkt. 2, 2. og 3. avsnitt, og pkt. 4 tilsvarande, men då tilpassa dei fylkeskommunar som vert med på ei slik subsidiær løysing.
Fylkestinget vil nemne opp sine representantar til fellesnemnda jf. inndelingslova §26. Fylkestinget vil då også ta stilling til kva mandat og avgjerdsmynde fellesnemnda bør få.