Fryspinne? Sjå hit!

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du av typen som likar å sitte, sitte inne å pimpe når sola skin…fordi du er kald? Då er du ikkje åleine. Vi er mange som har det sånn.

Så mange at Expressen har gått saman med magasinet Health for å finne dei vanlegaste årsakane til at nokre av oss vert lettare påverka av temperatur. Og nei, «har på for lite klede» er ikkje eit punkt. Fryspinnar frys uansett om dei tek på seg meir klede.

LES OGSÅ: «Det hellige fleskeberget»

Dårleg blodsirkulasjon og #SK2015
Eit punkt er dårleg blodsirkulasjon. Det kan kalde, kvite fingrar og tær vere eit symptom på. Expressen ramsar opp fleire årsakar til at sirkulasjonen går litt treigt. Blant dei meir alvorlege finn ein hjerte- og karsjukdommar. Men det er altså fleire, og mindre alvorlege, vegar til Rom også.

Har du lege i hardtrening til sommarkroppen 2015 og droppa å ete alt som er litt ufornuftig over lang tid – eller ikkje ete så mykje i det heile? Six-pack og ein trong til å ta lettkledde selfies i spegelen er ikkje det einaste ein syltynn kropp kan føre med seg – er du for tynn kan du også få ein indre frost. Lågt kalorinntak fører nemleg til låg forbrenning og igjen vanskar med å produsere kroppsvarme.

LES OGSÅ: Nervar og nål av stål

Drikk vatn, sov nok og bli ein mann
Vi blir omtrent bombardert med oppmodingar om å drikke nok vatn og sove nok. Lista over fordelane med ein hydrert og utkvilt kropp er lang, men «du unngår å fryse» er kanskje ikkje den mest venta. Men vatn og nok søvn hjelp faktisk kroppen å regulerer temperaturen i kroppen. Så drikk vatnet ditt og sov nok.

Det siste punktet på lista vil nok oppfattast som diskriminerande av ein del. For inn i rekka med kvinners lodd i livet føyer det no seg inn eit punkt om at vi i større grad er utsett for kalde føter og hender. På den andre og trøstande sida skuldast det at ein kvinnekropp er betre på å halde i gong blodgjennomstrøyminga, og at den prioriterter å gi blod til viktige organ som hjernen og hjartet. Då er det kanskje ikkje så ille å måtte ta på seg eit par raggsokker i juli likevel?