Fryktar svekt tryggleik i Sogn og Fjordane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar svekt tryggleik

Saka var først i Porten.no

Kjelsnes fryktar eit mindre trygt Sogn og Fjordane på grunn av svekt beredskap. Resultatet av forliket i arbeidet med politireforma er at Sogn og Fjordane vert slege i saman med det meste av Hordaland til eit nytt politidistrikt – politidistrikt Vest.

Med det er ikkje Sogn og Fjordane lenger eit eige politidistrikt, noko fylkesordføraren trur vil slå negativt ut for fylket.

Ho meiner konsekvensane av samanslåinga vert mindre lokalkunnskap, redusert effektivitet i beredskapsarbeidet og dårlegare grunnlag for samhandling.

– Det vil bli kritisk for Sogn og Fjordane. Fylket har det største arealet av alle fylka på Vestlandet, med ein særs krevjande geografi og topografi. Eit særtrekk ved fylket vårt er at det er busetnad i heile fylket, samtidig som me bur veldig spreidd.

– Dette stiller særleg strenge krav til god lokalkunnskap, rask respons, gode samarbeidsrutinar og totaloversyn over ressursar og tilgjengelegheit, seier fylkesordføraren i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Det blir tre politidistrikt på Vestlandet

Kjempa ikkje saman
Kompetansen i fylket har vore viktig for å hindre store katastrofar ved ei rekke hendingar dei siste åra. Kjelsnes dreg blant anna fram brannane i Gudvangatunnelen og Lærdal, stormane Dagmar og Hilde, samt flaumane i Lærdal og Flåm som døme på dette.

– Eg må sterkt beklage at det ikkje lukkast for Sogn og Fjordane å mobilisere samla for at fylket skulle halde fram som eige politidistrikt. Etter at regjeringa og Venstre la fram avtalen sin har ikkje eit samla fylke kjempa for Sogn og Fjordane som eige distrikt.

– Det har heller ikkje ein samla stortingsbenk gjort. Dette har svekt mogelegheitene våre til å vinne fram. Det må me lære av til seinare kampar for dei felles interessene til fylket. Det er ein dyr lærdom, understrekar fylkesordføraren.

Må sikra kompetanse i fylket
Fylkesordføraren konstaterer også at Sogn og Fjordane Arbeidarparti i den nasjonale samanhengen ikkje vann fram med det sterke ønsket om å halde på Sogn og Fjordane som eige politidistrikt.

Arbeidarpartiet samla seg om ei løysing som nasjonalt vart ei betre løysing enn det som var forhandla fram i den opphavlege avtalen mellom regjeringa og Venstre.

– For Sogn og Fjordane er det til lite hjelp, og eg er utruleg lei meg for at vi ikkje vann fram. No må me mobilisere alle krefter for å få lokalisert så mykje politiressursar og kompetanse som mogleg til fylket.

– Som fylkesordførarar forventar eg at det vert laga ei ordning som sikrar den gode beredskapskunnskapen og -tenesta me har i fylket, i staden for å gå blindt etter nye, strukturelle teoriar. Det er viktig for at innbyggjarane våre skal ha gode tenester i eige fylke i framtida, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes. 

LES OGSÅ: På vakt med hundepatruljen