Fryktar storulukke etter jobbkutt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vedlikehaldsetterslepet på norsk sokkel er på kring 100.000 arbeidstimar. Av desse er 20.000 timar såkalla tryggleikskritiske, skriv NRK.

Den siste tida har mange tilsette i vedlikehaldsverksemder mista jobbane sine, fordi oljeselskapa ikkje har like mange oppdrag til dei lenger.

– Eg er uroleg for at dei ikkje forstår konsekvensane av kutta dei gjer. I ytste konsekvens er det ei storulukke, men og mindre ulukker, ein fryktar, seier direktør Anne Myhrvold i Petroleumstilsynet til NRK.

I bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass deler dei ikkje Myhrvolds syn.

– Me er sikre på at selskapa tek hand om tryggleiken på ein god måte, sjølv om dei kuttar kostnader. Har dei ikkje tryggleiken på plass, får dei heller ikkje halda på, seier informasjonssjef Maiken Ree i organisasjonen til NRK. (©NPK)