Fryktar kinodød i utkantane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seksjonsleiar Liv Bente Viddal og kinoleiar Janne Grytten Skarstein fryktar kinodød i utkantane dersom forslaget til ny organisering av kinodrifta i Noreg vert vedteke.

Saka handlar om ny organisering av bransjeorganisasjonen Film & Kino. I dag er han ein kommunal medlemsorganisasjon, og forslaget går ut på å gjere dette om til å verte ein bransjeorganisasjon med deltakarar både frå kommunale kinoar, private kinoar og videobransjen.

– Vi er uroa for at dei små kinoane ikkje får gode og langsiktige rammer i framtida, at distriktsprofilen vert svekt, og at dei små kinoane får mindre påverknad sidan den nye organisasjonen vert styrt etter ein representantskap basert på storleiken til kinoane, seier Viddal og Grytten i Ørsta kommune si høyringsfråsegn.

LES SISTE FILM-NYTT HER!

Dei viser til erfaringane med ein digitalisert kino. Fordelen er at også små kinoar raskt kan få populære filmar, og vise dei over ein lenger periode. Ulempa er at dei mindre kinoane, som Ørsta kino, ikkje får tilgang på smalare kvalitetsfilmar.

– Det er viktig å halde på dagens struktur. Ikkje minst for at vi kan få barnefilm over heile landet, seier Grytten og Viddal.

LES SAKA I MØRE-NYTT!