Frukt heile året

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opp nokre svingar frå Ulvik sentrum, med epletre på rekkje ned mot fjorden og postkortutsikt, ligg garden Rossvoll. Barndomsheimen til diktaren Olav H. Hauge. Familiebruk og fruktgard, med sau, bringebær- og epleproduksjon.

– Alle er med på alt, fortel Mari, Pål Andreas og Oda Kolås. Dei har vekse opp på garden, og gjer slikt som å stelle med frukttre, plukke bringebær og tynne eple.

– Eg likar å plukke bringebær. Då slepp ein bakkane, kan berre gå bortover flata og plukke rett i ei vogn, seier Oda.

– Og så kan ein høyre på musikk medan ein jobbar, legg Mari til.

Gjennom året
– Det mange ikkje tenkjer over, er at det er jamt arbeid gjennom året. Ikkje så mange store toppar, seier Stein Olav Kolås. Saman med kona Tove har han garden som levebrød.

For produksjon av frukt og bær skjer ikkje berre om sumaren. Om vinteren skal både epletre og bringebærbuske skjerast, og ein må halde ved like og reparere reiskap. Når snøen går skal kvistane fjernast og det skal gjødslast. Så kjem juni med tynning for å få rett avstand mellom epla. I juli og august skal bringebæra plukkast. Og frå august til oktober skal epla haustast inn. Så går det fort til neste vinter.

– Vi haustar alle epla sjølve, derfor har vi seks ulike sortar så vi rekk å verte ferdige med ein før den neste er mogen, forklarar Tove.

Ekteparet skildrar fruktproduksjonen som spanande, med mykje handarbeid, mange ulike oppgåver og høve til forbetring.

– Noko av det fine, er at ein alltid kan gjere ting betre neste år og så sjå tydelege resultat.

Fruktgarden Rossvoll var barndomsheimen til Olav H. Hauge.

LES OGSÅ: Brev blei til kjærleik

Smakar ingenting
Pål Andreas, Mari og Oda har enno ikkje bestemt seg for kven som skal ta over garden(broren Jarand var ikkje til stades då Framtida var innom, og kunne slik ikkje svare for seg). Dei kjem til å tenkje på det, og kjenner både fordelane og ulempene ved fruktdyrkartilværet.

– Vi har vekse opp med frisk luft, ein stor eigedom så vi ikkje treng vera oppå kvarandre og koselege lam. Men så vert ein jo litt bunde heime, seier syskena.

– Noko av det eg likar best er tilgang på norske eple heile året, dei utanlandske smakar jo ingenting! Så vert får ein vera ute og vert i god form, eg tykkjer det er kjedeleg å berre ligge ute og sole meg, seier Pål Andreas.

LES OGSÅ:– Norsk epleproduksjon i bølgjedal

Viktig yrke
Som andre i landbruket er Stein Olav oppteken av rekrutteringa, både til fruktdyrking og elles. Han er også leiar i Ulvik og Eidfjord bondelag.

– Ein treng eit miljø. Det er viktig å sjå at andre driv med det same. Og vert det for få produsentar, kan ein ikkje forvente at nokon hentar varane, korkje fruktbilen, slaktebilen eller mjølkebilen.

Han meiner økonomi og status er det viktigaste for norsk fruktproduksjon også i framtida.
–  Vi må kunne levere varene vår til ein fornuftig pris. Og så må vi få opp statusen til dei som produserar mat. Det må vera eit fullverdig yrke, for det er eit viktig arbeid, avsluttar fruktbonden.

LES OGSÅ: Umettelege på bringebær

Stein Olav, Tove, Pål Andreas, Oda og Mari Kolås framom nokre av epletrea på garden.

Faktaboks

Fruktproduksjon – faktaboks
• I Hardanger har det vorte dyrka frukt sidan 1200-talet.
• Hordaland, Sogn og Fjordane, og Telemark er områda det vert dyrka mest frukt i Noreg.
• I Noreg vert det produsert om lag 6-10 tonn eple per år.
• Litt over 10 prosent av epla vi et er norske.
• Det vart produsert 880 tonn bringebær i Noreg i 2012. 1262 tonn vart importert.