Frp og Ap taper i ny kommunemåling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frp og Ap taper i ny måling

Nestleiar Per Sandberg (Frp) har berre eitt råd for å gjere det betre i valet enn på meiningsmålingane – brette opp ermene og få ut bodskapen.

– Det gir oss ei utfordring, men eg er ganske trygg på at våre tillits- og folkevalde kjem til å brette opp ermene for å snu denne trenden, seier Frp-nestleiar Per Sandberg til NRK.

LES OGSÅ: KrF gjer kjempehopp – Frp stuper

Nedgangen frå februar er likevel berre på eit halvt prosentpoeng, som er godt innanfor feilmarginen.

Arbeidarpartiet er den største taparen i forhold til førre måling. Partiet har støtte frå 35,7 prosent av dei spurte, 4 prosentpoeng lågare enn i februar.

Partileiar Jonas Gahr Støre i Arbeidarpartiet er likevel nøgd med målinga.

– Vi ligg an til å gjere eit betre kommuneval enn sist, og det siste kommunevalet var eit godt val for oss, seier Støre.

SV får 3 prosent, mens Senterpartiet rykkjer opp 2,5 prosentpoeng til 8,1 prosent. Venstre får 5,3, ein framgang på 1,6, mens KrF får 4,4, tilbake 0,5.

Høgre får 26,9 prosent, ned 0,2 prosentpoeng. (©NPK)

LES OGSÅ: Forsvaret regjeringa med nødrim

Faktaboks

Målinga er gjort av Norstat på oppdrag frå NRK

SV: 3 prosent

Arbeiderpartiet: 35,7 prosent

Senterpartiet 8,1 prosent

KrF: 4,4 prosent

Venstre: 5,3 prosent

Høgre: 26,9 prosent

Frp: 8,8 prosent