Frp garanterer færre innvandrarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Garanterer færre innvandrarar

Framstegspartiet garanterer at innvandringa vil gå ned om dei blir med i regjering.  Frps innvandringspolitiske talsmann, Morten Ørsal Johansen, står bak garantien og seier at partiet ikkje vil sitje i regjering om dei ikkje får gjennomslag for dette. Dermed går han langt i å avlyse ei firepartiregjering med Frp, Høgre, KrF og Venstre.

– At innvandringa går ned, vil vi garantere. Om vi ikkje får til det, blir det vanskeleg å sitje i regjering. Det er så viktig for Frp og veljarane våre, at der må vi innfri, seier han til Dagbladet.

– Vi foreslår aldersgrense og andre kriterium for familieinnvandring, og restriksjonar på arbeidsinnvandringa. Vi vil halde oss til FNs menneskerettskonvensjonar, men vi vil sjå på korleis andre land, som Danmark og Finland, stiller seg til desse, seier Johansen.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Venstre-leiar Trine Skei Grande og innvandringspolitisk talsmann i KrF, Geir Bekkevold, avslår Frps ultimatum. Ho seier Frp utgjer ei ytre grense.

– Eg meiner at ei regjeringsforhandling startar med at nokon snakkar saman. Eg merkar meg at dei har ei litt anna tilnærming, seier Grande.

– Det er uheldig og uklokt at han går ut og stiller slike ultimatum no, seier Bekkevold. (©NPK)

Les siste nytt frå valkampen her!