Frp-ar vil ha meir nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho meiner nynorskprosenten i Oppland fylkeskommune er for låg, og oppfordra fylkesordføraren under fylkestingsmøtet i dag på kva ein kunne gjere for å få meir nynorsk.

– Det er uheldig med så lite nynorsk når fylket har omlag like mange nynorskkommunar som bokmålskommunar, resten er nøytrale. At offentlege organ har ei offensiv haldning til nynorsk er ekstremt viktig for at innbyggjarane skal ha dei rette haldningane. Og Oppland er eit fylke som slit med å få elevane til å halde på nynorsk, slår Blåfjelldal fast.

I tillegg til å vere Frp-politikar er Hanne Maren Blåfjelldal prosjektleiar for skuleprosjektet i Vågå, til hausten byrjar ho som lærar ved Høyanger skule.

– Politikarane må ta ansvar for dette. Det er me som er arbeidsgjevar, og då må me presse på. Eg meiner ein bør setje krav til ein viss prosentdel på nynorsk, og at ein kanskje køyrer kompetansehevingsprgam på nynorsk, som til dømes nynorskkurs for tilsette.

– Min kommentar som fylkesordførar , er at dette spørsmålet tar opp eit viktig tema der Oppland fylkeskommune kan vere meir medvitne på kva for språk vi nyttar i ulike samanhengar. Nynorsk må vere synleg på heimesidene til OFK, og me må i større grad legge fram dokument på nynorsk, seier fylkesordførar Gro Lundby (Ap) og viser til at fylkeskommunen også må ta stilling til om dei skal nytte normen om å svare på nynorske brev med nynorske svar.

– Eg vil arbeide for at nynorsk blir ein språkform vi nyttar meir aktivt i Oppland fylkeskommune.

Les saka på LNK her!