i samarbeid med ABC Startsida
Tema: Livssyn og religion
I fjor haust stod Louiza Louhibi (21) fram og fortalte om at ho var offer for ei overfallsvaldtekt. No får ho prisen Fritt Ords honnør.
NPK-NTB
torsdag 9. februar 2012 14.18
Louiza Louhibi heldt appell under eit fakkeltog med ekstremisme i Oslo i slutten av januar. No har ho fått Fritt Ord-honnør. Foto: Krister Sørbø / SCANPIX
Prisen er på 100.000 kroner.
Louhibi vart i 2008 utsett for ei overfallsvaldtekt i Oslo. Gjerningsmannen – som vart dømt til sju år forvaring – hadde òg valdtatt tre andre kvinner.
Tjueeinåringen gjekk offentleg ut i valdtektsdebatten i fjor haust.
– Eg var eit offer for ei overfallsvaldtekt i 2008. Men ein kan ikkje vere eit offer heile livet. Aksjon mot valdtekt no, skrev ho på Twitter. Meldinga vart følgt av fleire avisintervju og deltaking på tv. Ho har vorte utsett for sjikane på grunn av engasjementet sitt og har i dag valdsalarm.
Det var òg Louhibi som varsla Politiets tryggingsteneste (PST) om videoen med truslar mot kongehuset og regjeringsmedlemmer i februar.
– Louiza Louhibi får Fritt Ords honnør for motet ho har vist i debatten om seksualisert vald mot kvinner og for aktivt å ha imøtegått ekstreme haldningar som har religiøs og politisk forankring, skriv Fritt Ord-styret i grunngivinga si.
Louiza Louhibi bur i Oslo. Foreldra har fransk-algerisk bakgrunn. Ho er politisk aktiv i Arbeidarpartiets likestillingsutval og Blindern AUF.
Prisen blir delt ut hos Fritt Ord i Oslo tysdag 14. februar. (©NPK)