Fridomspris til Malala

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den pakistanske tenåringen som overlevde eit Taliban-åtak, har blitt eit ikon i kampen for jenters rett til utdanning.

No er ho blitt tildelt ein pris frå det amerikanske National Constitution Center, melder Philly.com. Fridomsmedaljen, som vart starta i 1988, vert gjeven til menneske som kjempar for fridom rundt omkring i verda.

– Det er ei ære å bli tildelt prisen. Den tek eg imot på vegne av alle barn som strever for å få ei utdanning verda over, seier Malala i ei uttaling.

I 2012 gjekk Taliban til åtak på Malala og nokre andre jenter då dei var på veg heim frå skulen. 17-åringen vart skoten i hovudet og halsen, men overlevde. Sidan har ho haldt fram med kampen for utdanning, trass stadige trugslar på livet.

LES OGSÅ: Nordmenn lever 31 år lengre

Over 39 millionar jenter i barneskulealder går ikkje på skulen verda over, ifølgje FN. To av tre analfabetar er dessutan kvinner.

Den tidlegare amerikanske utanriksministeren Hillary Clinton og boksaren Muhammad Ali er blant dei som før har fått utmerkinga. Malala er den yngste av dei 26 personane som har motteke prisen.

– Kvar dag vert einskildmenneske som Malala truga for å arbeide for rettar som er fundamentale for oss alle. Ho er ei inspirerande stemme for fridom verda over, sa administerande direktør ved senteret, Jeffrey Rosen.

LES OGSÅ: Her er verdas «snillaste» land

Malala vart først kjend då ho som 11-åring byrja å skrive for BBC om livet i Pakistan under Taliban og viktigskapen av at jenter får utdanning.

Ho har tidlegare motteke fleire andre utmerkingar, som FNs menneskerettspris i 2013, og ho er den yngste som nokon gong er nominert til Nobels fredspris. 

LES OGSÅ: – Korleis turde du, når du var så ung og Taliban så farlege?