Fredrik Hope er ny leiar i Målungdommen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredrik Hope (23) vart på landsmøtet denne helga vald som ny leiar i Norsk Målungdom. Han var på førehand innstilt til vervet

Noverande målungdomsleiar Synnøve Marie Sætre går av etter to år i vervet.

Hope, som kjem frå Hyen i Sogn og Fjordane, har vore leiar i Firda Målungdom og Studentmållaget i Bergen, og har det siste året vore nestleiar i Målungdommen.

Ungdomsorganisasjonen skal i den kommande perioden arbeida med «Program for nynorsk i lærarutdanningane» og informasjonskampanjen «Nynorsk myteknusar».

Den påtroppande leiaren meiner det er på høg tid at høgskular og universitet tek ansvar for at lærarstudentar får den nynorskkompetansen dei treng.

– I dag er det heilt tilfeldig kva nynorskopplæring framtidas lærarar får. Nokre høgskular har gode opplegg, medan andre nesten ikkje gjev noko nynorskopplæring. Det finst inga felles ordning som sikrar at lærarstudentane lærer nynorsk, eller får syne at dei kan nynorsk – sjølv om alle lærarstudentar skal kunne undervise både nynorskelevar og bokmålselevar, seier Hope i pressemeldinga.

 Med seg i sentralstyret får han Eline Bjørke frå Løten som dagleg leiar, Elise Tørring frå Lillesand som nestleiar, Frida Pernille Mikkelsen frå Førde som økonomiansvarleg og Svein Soldal Eggerud frå Stord og Åsmund Kvifte frå Osterøy som styremedlem.