Fredar helsehjelp til papirlause

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kirkens Bymisjon og Røde Kors driv i dag eit helsesenter i Oslo der denne gruppa har tilbod om gratis helsehjelp. Senteret behandla over 1.000 personar i fjor.

Bent Høie fekk denne veka spørsmål om saka i spørjetimen på Stortinget og brukte høvet til å avvisa Frp-utspelet.

Høie seier det er gjort klart i lova at hjelpeorganisasjonar kan yta humanitær bistand til personar utan opphaldsløyve i Noreg. Føresetnaden er at dei ikkje medverkar til ulovleg opphald.

– Bør ha handlingsrom
Helseministeren forsikrar difor om at han er oppteken av at humanitære organisasjonar framleis bør ha eit visst handlingsrom til å yta helsehjelp til dei som treng det.

– Det går også fram av forskrift om rett til helse- og omsorgstenester for personar utan fast opphald i landet at alle har rett til hjelp og helsehjelp som ikkje kan vente med ein gong, sa Høyre-statsråden i Stortinget onsdag.

Det var innvandringspolitisk talsmann i Frp Mazyar Keshvari som nyleg kritiserte helsehjelpa.

– Aller helst skulle vi sett at vi ikkje hadde eit slikt tilbod til menneske som bryt norsk lov og er her på illegalt vis. Det gjer at problemet vil eskalera, noko ingen er tente med, sa han til NRK.

– Må sikrast hjelp
Både Venstre og Kristeleg Folkeparti reagerte sterkt på Frp-utspelet. Ketil Kjenseth (V) er difor svært nøgd med at Høie no slår «ettertrykkjeleg fast at det er uaktuelt å leggja ned helsetilbodet», og at organisasjonar kan yta hjelp.

– Det er Venstre svært nøgd med fordi uansett kva status folk har, skal dei sikrast nødvendig og akutt helsehjelp, seier Kjenseth til NTB.

– Noko anna ville ha vore direkte uansvarleg og skremmande uanstendig for ein humanitær nasjon som Noreg, legg stortingsrepresentanten til.

Keshvari meiner også helsepersonell bør melda frå til politiet når ulovlege innvandrarar ber om helsehjelp. Også dette avviste Høie. (©NPK)