Frankensteins tekstar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattar og komponist Olav Øyehaug gav i sommar ut si tredje bok, Botnen. Og som med dei to førre bøkene, Kodane frå 2011 og Essensen frå 2011, har han fått svært gode kritikkar.

To av kritikarane, i høvesvis Dag og Tid og Morgenbladet, trekkjer fram opningssetninga. «Då har Universet skaffa seg ein hund, og no skal denne hunden lære seg å stele vesker.» Meldaren i Dag og Tid, Odd. W. Surén, har jamvel gjeve opninga eit namn, slik sjakkopningar får. Øyehauggambit med indisk engelskmann, kallar han henne.

– Det er inspirerande å få gode kritikkar, men eg kjenner folk som har fått utelukkande slakt for debutbøkene sine. Det trur eg ikkje eg hadde greidd, eg er ganske tynnhuda, seier Øyehaug, og legg til:

– Noko av det interessante med kritikk er at ein lærer seg sjølv å kjenna. Eller, kanskje ikkje seg sjølv. Men ein lærer noko. Det er ein prosess. Slik er det òg med intervju. Ein slengjer ut noko, og så får ein kanskje noko uventa tilbake.

Han får mykje ros for å finna sin eigen stil, som er korte og meir eller mindre absurde tekstar.

– Det kjennest ikkje som om tekstane toler noka anna lengd. Skrivemåten er veldig intuitiv og han gjev seg sjølv, det er ikkje eit medvite val.

Mykje att å setja fingeren på
Øyehaug driv storparten av virket sitt som komponist. Men han finn likskapar mellom begge dei kreative yrka. For det meste set han musikk til dokumentarfilmar.

– Måten eg set tekstane i rett rekkjefølgje minner veldig om korleis eg ville sett songar i rekkjefølgje på ei plate. Det har vore slik med alle bøkene, utan at eg heilt veit kvifor. Det har nok noko med dynamikk å gjera.

– Det er ein merkeleg prosess i seg sjølv, det å setja musikk til andre sine filmar, men det er veldig inspirerande, for det er heilt klart ei fiksjonalisering i musikken.

– Har du noka spesiell meining du prøver å formidla med tekstane, eller likar du å sleppa at alt skal ha ei meining?

– Tekstane er opne, som i musikk, men eg har eit program. Det er mykje eg har lagt inn i manusa som folk ikkje har sett fingeren på enno. Eg er ikkje interessert i å skriva ting som ikkje har noko meining.

– Er det eit mål at folk skal oppdaga det du legg inn i tekstane?

– Nei, det er det ikkje. Om nokon les tekstane på andre måtar enn eg skreiv dei er det kjempeflott. Eg vil ikkje rettleia nokon. Ein meldar sa at det var politiske tekstar. Det tyder på at nokon tolkar tekstane slik.

Kryp, går, sprellar og ter seg
Bøkene skriv Øyehaug med ein plan for heilskapen, og byggjer på eigne erfaringar. Den første på lang livserfaring, medan den andre boka på tida etter. Sameleis med den tredje boka.

– Byrjar du på ein tekst og veit kvar den ender, eller ser du kva som hender?

– Eg har ein plan for kvar tekst og kvar han skal enda, men eg kan bestemma meg undervegs om teksten treng å koma heilt fram. Tekstane er som eigne vesen. Det er litt frankensteinsk over det. Eg tilfører elektrisitet og så lever dei. Eg likar at dei kryp først og så går. Dei er mine små eksperiment, seier han og legg til:

– Om tekstane er litt mystiske for meg er det ideelt. Eg har lyst til at dei skal sprella og oppføra seg sjølve litt uskikkeleg. Nokre av dei, iallfall.

Øyehaug skriv nynorsk, men i nokre tekstar dukkar bokmål opp. I Botnen er éin tekst på bokmål. I dei to før har nokre passasjar, men ingen heile tekstar vore på bokmål.

– Eg må nesten sleppa det til litt. Teksten kom til meg på bokmål, og det var opp til meg om eg ville omsetja han til nynorsk. Men eg lét vera fordi eg trur eg ville mista noko udefinerbart. Eg sleppte til bokmål mot betre viten, men eg er veldig glad for at eg gjorde det. (©NPK)