Dette er Noregs verste dialekt

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Hallo P3 var på leit etter den verste dialekta i Noreg. Heilt øvst havna oslodialekta med rundt ein fjerdedel av stemmene etter at alt var avklart. Det skriv P3.no

– Det har vore kjempespanande. Eg har heile tida holdt ein liten knapp på Oslo, men eg trudde Oslo kom til å vinna mykje klarare, seier Tuva Fellmann til P3 sine nettsider. Fellmann er programleiar for Hallo P3 – og sjølv frå hovudstaden.

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest sexy dialekt

Frå topp til botn
Resultatet kan verka overraskande, med tanke på at dialekta for få år sidan vart kåra til Noregs mest sexy dialekt, med andre ord på den heilt andre sida av skalaen enn den nye kåringa.

Den gongen vart tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, spurt om resultatet.

– Viss fleirtalet av dei som svarar er frå Austlandet, så seier vel det seg sjølv. Elles må eg seia at det er overraskande, sa han den gongen.

Men han la og til at han tykte undersøkinga som vart gjort av SIFO på oppdrag frå datingnettstaden E-kontakt.no virka litt useriøst, mykje basert på eit lite nyansert skilje mellom dialektane.

– Austlandsk er så mange dialektar. Ta til dømes dialekten frå øvre del av Telemark – det er ein særmerkt og flott dialekt, sa Lomheim då.

– Di meir eg tenkjer på det, di meir useriøs synest eg undersøkinga er. Nærmast tullete vil eg seia la han til.

LES OGSÅ: Sjekkesuksess på sognamål

Nominerte frå heile landet
No er det altså Hallo P3 som har gjort ei kåring. Programmet har lenge hatt fokus på dialektene her i landet, og laga blant anna denne versjonen av Halfdan Sivertsen sin klassiske «Kjærlighetsvisa» for å illustrera variasjonen.

Etter ein innleiande runde var det fem nominerte. Desse var Trondheim, Molde, Bergen, Stavanger og sjølvsagt Oslo.

Til slutt var det altså Oslo som stakk av med den ikkje fullt så ærefulle tittelen. Gratulerer!

LES OGSÅ: Oslo sjette best i verda på IT