Frå lokalflyplass til regionalflyplass på få år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 14-tida nyttårsaftan var Riise sistemann i innsjekkingsskranken til Widerøe på Hovden. Som med så mange andre passasjerar i fjor, gjorde lokalflyplassen livet lettare for Riise, som til dagleg bur i Oslo.  

– Flyplassen betyr mykje for meg. Eg reiser ofte heim att for å stå på ski og gå toppturar. Då er det veldig greitt å flyge rett frå Oslo til Ørsta på ein time, sa han.  

– No skal eg tilbake til Oslo og feire nyttårsaftan der. Eg har fått god mat på Rise, og no skal eg til Oslo og ete der også. Takka vere Widerøe får eg to måltid på same dag, sa ein smørblid Riise før han gjekk om bord på årets siste fly.  

Vind skapte trøbbel
Fjoråret var prega av ein stor auke i passasjertrafikken på Hovden i nesten alle månadene. Berre desember drog ned snittalet, då det var heile 27 kansellerte flygingar til og frå flyplassen. To av dei på grunn av tekniske problem, resten på grunn av vind og uvêr både på Vestlandet og Austlandet. Det førte til ein nedgang i passasjertala på tolv prosent i desember i forhold til fjoråret.  

– Når flya er så fulle som dei er, gir det store utslag på statistikken, seier vaktleiar Torbjørn Krøvel på Ørsta/Volda lufthamn, Hovden.  

I 2012 reiste til saman 113.632 passasjerar gjennom flyplassen i Hovdebygda. Dei endelege tala for 2013 er ikkje klare enno, men så langt ser det ut til at meir enn 121.000 passasjerar reiste via Hovden.

LES OGSÅ: Uroa over rekordstor auke i togtrafikken

Frå lokalflyplass til regionalflyplass
Dei siste femten åra har veksten i passasjertrafikken vore formidabel. Frå vel 28.000 passasjerar i 1998 til over 121.000 i 2013 merkast godt.

 – Då Eiksundsambandet kom, vart det ein eksplosiv auke i trafikken. Så kom Kvivsvegen. To vegsamband gjorde passasjergrunnlaget til ein kortbaneflyplass enormt mykje større enn før. Vanlegvis vert det omvendt. Det er heilt klart at vi no har byrja verte ein regionflyplass, seier Krøvel.  

Han estimerer at næringslivet står for om lag 70 prosent av dei reisande.

 – Widerøe var veldig flinke og stod klare med nye ruter då Eiksundsambandet opna. Dei i ytre kom til dekka bord. Det var veldig god timing av Widerøe som torde å satse då.  

LES OGSÅ: Fryktar for framtida til flyplassane

– Fantastisk utvikling 
Kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe stadfestar at vegsambanda har hatt mykje å seie for flyplassen.

 – Vi synest det har vore ei fantastisk god utvikling. Dette er eit levande døme på at ein liten kortbaneflyplass både greier å tene ein stor marknad og har potensial til å vekse seg stor, seier han.  

Kongsteien legg til at dei merka auken allereie i planleggingsfasane til vegprosjekta, då mange som arbeidde med Eiksundsambandet og Kvivsvegen brukte flyplassen til å kome seg til og frå. Og då sambanda opna, var vegen lagt for resten av næringslivet på ytre og indre Søre Sunnmøre.  

Taket er nådd
Med så stor vekst dei siste åra, byrjar kurva no å flate ut, trur Kongsteien. Han ventar ikkje ein like stor auke i trafikken i tida framover, men reknar med ein framleis positiv trend.  

– Den store bølgja av nytt potensial har nok skylt over Hovden. Vi ser føre oss ein normal, positiv trafikkvekst framover, seier han.  

Kapasitetsmessig er taket allereie nådd på flyplassen. Terminalbygget frå 1988 var dimensjonert for om lag 30.000 passasjerar årleg då det vart bygd. I dag passerer meir enn fire gongar så mange passasjerar gjennom terminalbygget.  

LES OGSÅ: Opprettar masterutdanning for flygarar

Ikkje fleire flyruter
– Med framleis auke i passasjertrafikken, vert det lagt opp til fleire ruter i 2014, Kongsteien?

– Vi følgjer ganske godt med på trafikken på Hovden. Det er eit viktig område for oss. Det er to faktorar tel. Det er sett krav til oss i tilbodet vi flyg for for staten. Om den gjennomsnittlege fyllingsgraden på flya går over åtti prosent på eitt år, er vi plikta til å setje inn eit fly til. I dag er ho langt mindre enn det. Men det vi ser er at det er vanskeleg å få billettar på somme avgangar. Då handlar det om den kommersielle plikta. Vi følgjer nøye med, men til no har vi ingen umiddelbare planar, seier Kongsteien.

LES SAKA I MØRE-NYTT!