Frå lokalavis til BBC Radio

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I byrjinga av september tok Joakim Rødven til på masterstudiet i Sports Journalism ved University of Lincoln, etter at han fullførte han det treårige journaliststudiet ved Høgskulen i Volda tidlegare i år.

– Eg var usikker på kva eg ville, skulle eller burde gjere. Eg hadde høyrt om ein organisasjon som heiter Across the pond, så eg gjorde eit google-søk for å sjå om det var nokon mogelegheiter innanfor sportsjournalistikk. Når eg fann studiet i Lincoln så tenkte eg berre ”kvifor ikkje”, og det gjekk jo bra, fortel Rødven.

LES OGSÅ: – Det hjelper å vere vrang

Vil jobbe med sport
Ved sida av studia har Joakim mellom anna arbeidd som frilansjournalist for mellom anna Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten, hovudsakleg med sport som fagområde, og der ligg også draumen for framtida.

– Ja, det er absolutt draumen å kunne arbeide berre med sport, men som ung, og relativt uerfaren journalist så må ein ta det ein kan få, fortel han. Rødven legg til at det ikkje går berre i sport sjølv om studiet han går på heiter sportsjournalistikk.

Masterstudiet Joakim Rødven har teke til på er ikkje hans første periode som student på dei britiske øyane.

– Hausten 2012 studerte eg ved University of Sheffield gjennom ei Erasmus-utveksling, seier Joakim.

Gjennom studiet i Volda fekk han også med seg ei svært hektisk, men spanande tid i TV2 Sporten.

– Ja, siste semesteret i Volda hadde eg to månader med praksis som ein av fem studentar, og fekk med meg både Tour de ski, OL, verdscup og Premier League.

Korleis har den første tida vore på eit britisk universitet?

– Det har vel starta som studium brukar, men med engelsk fadderveke. No har det sakte, men sikkert byrja å putre og gå, og vi har den første innleveringa om eit par veker.

LES OGSÅ: – Ungdommen vil ha journalistikk

Frukostradio
Måndag fekk Joakim også ei positiv overrasking, då han fekk vite at han er plukka ut som ein av ti som får vere med på ei turnusordning hjå BBC Radio Lincolnshire.

Der skal Rødven arbeide med programmet ”The Breakfast Show (with Scott Dalton and Carla George)”.

 Vi kjem nok i stor grad til å hjelpe til med å ta telefonar, hjelpe gjestar til programmet slik at dei finn fram og slike ting. Men dersom ein har ein knakande god idé, så blir vi ikkje hindra frå å gripe mikrofonen og lage noko sjølv. I tillegg så viser det seg at redaktøren for programmet også er sportsredaktør, og han har sagt at vi kanskje kunne ta oss ein prat, så eg håpar på at eg kan få arbeide litt med sport etter kvart også.

Joakim fortel at han var usikker på om det ville vere vits å søke på turnusstillinga.

– Eg trudde vel kanskje ikkje eg kunne klare å konkurrere med engelskmenn som kjenner kulturen, men eg slengde inn namnet mitt, og det gjekk jo overraskande bra, smiler Rødven.

Allereie komande måndag byrjar turnustenesta hjå BBC Radio Lincolnshire for dei ti studentane, men Rødven veit ikkje endå kva dagar han blir sett opp på.

LES OGSÅ: Frå kjøkkenbordet til lokalavisa

Kunne ikkje la vere å spele fotball
Utanom skulen har Rødven også funne tid til å prøve seg på fotballbana. Den tidlegare Hasundgot-keeperen fortel at han eigentleg skulle vere med på to prøvespel med skulelaget til University of Lincoln, men at han etter ei runde fekk beskjed om at han truleg var inne, og slapp å vere med på runde to.

– Eg veit ikkje om eg har tid til det, men tanken om å ikkje spele fotball på så lang tid vart for mykje, seier Rødven.

Godt inne i det som ser ut til å verte eit spanande år i Lincoln, der målet er ei mastergrad neste haust, fortel Joakim at han ikkje heilt veit kva som vil skje vidare, men han vurderer endå eit år som masterstudent i England.

– Eg har eit nytt mastertilbod i Sheffield, på Broadcasting Journalism, men det kan jo også hende at det dukkar opp jobbtilbod eller andre ting, seier han.

Saka var først publisert i Vikebladet.