Frå dans på lokalet til Tinder

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjærleiken har blomstra til alle tider, men kvar den først blømer endrar seg med tida. Unge romantikarar på 60- og 70-talet hadde ikkje Tinder, og Møteplassen var ikkje mest kjend som namnet på ei datingnettside.

Ved Universitetet i Oslo har sosiologar undersøkt kva det tyder for partnarval og samlivskvalitet at møteplassane endrar seg.

Varig og godt på heimplassen
I artikkelen «Møtesteder og pardannelse» (2014), har Tone Schou Wetlesen ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi samla livshistorier frå norske kvinner som etablerte samliv på 60- og 70-talet.

Datamaterialet er ikkje statistisk representativt, men fortel historiene til nokre par som møttest og korleis samlivet deira vart.

Forteljingane tyder på at dei som møtte ektefellen blant naboar og skulekameratar på heimstaden hadde varige og gode parforhold. Kvinner som møtte mannen i offentleg byrom etter å ha flytta ut fortalde derimot om store utfordringar i samlivet.

Frå nabolag til uteplass
Bakgrunnen for artikkelen er endringane i korleis par finn kvarandre. Tradisjonelt fann turtelduer saman i lokale samanhengar, skriv Schou Wetlesen. Det kunne vere i nabolaget, på skulen, i ungdomslaget, på dans eller i private samankomstar.

«Den sosiale settingen var oversiktlig, mange kjente hverandre og traff man en man ikke visste noe videre om, var det bekjente som kunne bidra med informasjon og vurderinger», skriv forskaren.

Men tida står som kjent ikkje stille. Franske forskarar har synt korleis møtestadane i Frankrike endra seg frå 1914-1998, med 60- og 70-talet som dei mest dramatiske tiåra. Då møttast mange fleire på diskotek og barar, og møte gjennom naboskap vart færre. I Noreg har liknande observasjonar vore gjort.

LES OGSÅ: Tvillingsjeler

Møtestadane vert meir komplekse
Når møtestadane endrar seg, vert dei også meir komplekse, ifølgje artikkelen. Fleire reiser til byar og tettstader for å studere og finne jobb, og i tillegg til å møte partnaren på jobb, blant medstudentar eller i private samankomstar, kan parforhold verte innleia på kafear, restaurantar eller på reise. Desse møteplassane er mindre føreseielege enn møtestadane i heimbygda, skriv forskaren.

Det er ikkje berre stadane som endrar seg. Nokre meinar at også karakteren på møta endrar form. Éin teori er at når meir av partnersøkinga går føre seg i offentlege rom, vert offentlegheita i større grad «erotisert» enn før. Ein annan teori er at kjærleiken vert kommersialisert når folk møter kvarandre i sosiale kontekstar der ein kjem som forbrukarar, ifølgje artikkelen.

Schou Wetlesen løftar også fram sosiologen Eva Illouz, som peikar på at par i stigande grad vert danna utan tilknyting til sosiale nettverk. Særleg nettdating opnar for kontakt mellom menneske, heilt uavhengig av stad og tilknyting til sosialt miljø.

«Gjennom nettkontakt kan man få mye informasjon om en potensiell partner og med informasjonstilgangen blir søkeprosessen rasjonalisert og intellektualisert», skriv Schou Wetlesen.  

Kjærleik i etterkrigstida
Artikkelen byggjer på individuelle intervju med 19 kvinner. Kvinnene var fødd mellom 1938 og 1953, og har bakgrunn frå primærnæring, arbeidarklasse og lågare middelklasse.

Skiljet i forteljingane, går mellom dei som møtte mannen på heimstaden, og dei som møtte han etter at ho hadde flytta ut.

Blant dei som møtte partnaren sin på heimstaden, var «Johanne», som gifta seg med Kåre. Dei kom begge frå ein liten stad i Midt-Noreg, og var til og med i slekt. Johanne jobba som lærar og Kåre som mekanikar. Ho jobba også etter at dei fekk barn, noko som gjekk greitt då dei budde på skulen dei første åra og Kåre hjelpte til med barnepass og husarbeid. «Johanne gav inntrykk av stor tilfredshet med yrkesliv og familieliv», skriv forskaren. Kvinna meinte at deira felles miljø gav eit trygt grunnlag for samlivet.

Medan Johanne møtte Kåre i nabolaget, møtte andre sin tilkomande ved private høve som blant vener, eller på skulen.

Blant kvinnene som fann seg ein ektemake utanfor heimstaden, var «Agnes», som vart fødd på 40-talet og vaks opp i Oslo med mor og halvsøster, skriv forskaren. Agnes møtte Albert på ei ferje, då ho var i slutten av 20-åra. Ho hadde sommarjobb, han var passasjer. Då amerikanske Albert måtte reise tilbake til heimlandet, var Agnes gravid. Ho reiste etter og dei gifta seg. Etterkvart flytta dei tilbake til Noreg, og det var først då han synte sine valdelege sider. Etter fleire valdsepisodar, flytta Agnes saman med dottera. Ekteskapet vart oppløyst.

Andre kvinner i studien møtte mannen sin på uteplassar i større byar eller på kafé.

Ifølgje forskaren var det slik at dei fleste kvinnene som møtte ektemannen sin tilfeldig eller etter at dei hadde flytta bort frå heimstaden, skilte seg.

Problema dei opplevde i samlivet, kom gjerne tidleg fram, og kunne henge saman med alkoholbruk, vald, uforsonleg og avvikande livsstil.

Forteljinga tyder på at desse para mangla fellesskap om verdiane, og graviditet kan ha vore årsak til at kvinnene gifta seg raskt.

LES OGSÅ: Stabile ekteskap med aborttilbod

Kva så, i desse Tinder-tider?
Ein kan ikkje generalisere forteljingane til kvinnene i studien, men ifølgje forskaren er dei likevel relevante for dagens romantikarar.

I dag tek kvinner meir utdanning, dei har nye moglegheiter i arbeidslivet, dei har betre kontroll over reproduksjonen, og det er vanlegare at ein skaffar seg utdanning og jobb før familie. Færre giftar seg kanskje med naboguten, skriv forskaren, fordi vi er eldre og flyttar meir på oss før vi finn partnaren. Ei heller treng ein gifte seg sjølv om ein blir gravid.

Kanskje svekkjer rasjonaliseringa nettdating fører med seg intuitive krefter og kroppslege reaksjonar som vegvisarar, spør forskaren. Nettkontakt gjer det kanskje lettare å finne ein likesinna, men kanskje skaper dette mindre stabile forhold fordi ein ikkje deler miljø med partnaren, skriv ho, og strekar under at dette veit vi lite om.

Sjølv om mange faktorar påverkar kor godt og varig eit samliv blir, argumenterer forskaren for at ein ikkje bør skyve kjærleikens møteplass heilt i bakgrunnen. Ho meiner mønsteret i studien, med skilnaden mellom kvinnene som møtte menn på heimstaden og ikkje, gir grunn til å sjå på korleis parforhold byrjar.

LES OGSÅ: Unge menn dårlegast til å takle skilsmisse