Først ut med droneutdanning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universitetet i Tromsø har allereie ei pilotutdanning, og det er ut frå dette miljøet den nye utdanninga vil starte opp, skriv Teknisk Ukeblad. Målet er å etablere ei fullverdig bachelorutdanning og sertifisering.

Prosjektleiar Rune Storvold i Northern Research Institute (Norut) i Tromsø meiner det vil bli behov for tusenvis av personar med kompetanse på dronar i Noreg dei neste ti åra, spesielt ingeniørar.

– Vi har eit stort vekstpotensial for droneverksemd i den norske industrien i åra framover. Det kan handle om overvaking av kraftlinjer, offshore-faklar og andre installasjonar, eller søk- og redningsoperasjonar, seier Storvold.

LES OGSÅ: Leverer pizza med droner

Det finst i dag berre dronepilotutdanning i USA. Studietilbodet i Tromsø kan derfor bli Europas første i sitt slag, ifølgje avisa.

Universitetet i Tromsø skal i første omgang gi kursbevis og studiepoeng, men tanken er å kunne konvertere dette til sertifisering når slike krav måtte komme frå styresmaktene. Universitetet samarbeider derfor tett med luftfartsmyndigheitene. (©NPK)

Les meir om yrkesval her!