Forskarar: – Kortsiktig å legge ned skular

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kortsiktig å legge ned skular

Nedleggingane har blant anna ført til at elevar ved ei rad småskular er flytta over til større skular, melder NRK. Ein av grunnene til at skular blir lagde ned, er at kommunane skal spare pengar.

LES OGSÅ: Den stille skulereforma

– Kommunepolitikarane ser på talkolonnane frå rådmennene, tildekte reknestykke som slett ikkje har med alle utgiftene som i praksis er i reknestykket. Dei kjem etterpå, på andre poster i andre budsjetter, men skal likevel betalast av oss som bur i kommunen, seier Torodd Fagerheim i Landslaget for nærmiljøskular.

No får Fagerheim støtte frå forsking som viser at gevinsten langt frå er så stor som kommunane trur.

Skuleforskar og seniorforskar Karl Jan Solstad ved Nordlandsforskning meiner norske kommunar tenkjer for kortsiktig.

– Nedleggingar kan komme att på helsebudsjett om nokre år, og kan påføre kommunen vesentleg større utgifter, seier han og får støtte frå samfunnsøkonom og professor emeritus Stein Østre ved Høgskolen i Hedmark.

LES OGSÅ: – Finst ikkje fagleg hald

– Ein har feilaktige analysemetodar. Kommunen tar ikkje med alle fordelar og ulemper i si berekning. Ein må skilje mellom kva som gir kommunaløkonomiske innsparingar og kva som er samfunnsøkonomisk lønnsamt, seier han. (©NPK)