Forskarar: Ekstra skjermtid senkar eksamenskarakterane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette gjev dårlegare karakterar

I studien, som omfattar over 800 elevar på 14 og 15 år, har forskarane frå Cambridge også funne ut at fysisk aktivitet ikkje har nokon innverknad på akademiske prestasjonar.

Etter å ha følgt elevane over lang tid for å sjå korleis forskjellige åtferdsmønster påverkar skuleprestasjonane, meiner forskarane at det er rimeleg å konkludere med at for mykje skjermtid senkar eksamensresultata.

LES OGSÅ: Lat elevane spela!

– Vi målte dette berre i 10. skoleår, men det gir eit sannsynleg bilete av det vanlege åtferdsmønsteret til deltakarane. Så vi meiner det er rimeleg å konkludere med at skjermtid kan vere skadeleg for karakterane til tenåringar, seier Kirsten Corder ved Cambridges senter for forsking på diett og aktivitet.

LES OGSÅ: Zombiespel inn i klasserommet

I studien fann forskarane ut at tenåringane i gjennomsnitt bruker fire timar framfor skjermen per dag. Éin ekstra skjermtime for ein 14-åring svarar til 9,3 færre eksamenspoeng når eleven er 16 år. Det svarar til to karakterar, for eksempel frå ein B til ein D, viser studien. (©NPK)