Forskar på dei yngste veljarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noko av det viktigaste me fann var at 16- og 17-åringane deltok i større grad enn vanlege førstegongsveljarar, altså gruppa atten til tjueein år. Så når det gjaldt deltaking blant dei unge, var forsøket ein suksess, seier Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning til Nynorsk pressekontor.

Valforskaren fortel om erfaringane med lågare stemmerettsalder i kommunevalet i 2011. Tala frå forsøkskommunane viste at ungdomar deltok i lokalvalet, men at nedsett stemmealder ikkje gav auka politisk interesse og engasjement slik ein kanskje hadde trudd.

– Litt av motivasjonen for å ha forsøket i 2011 var at interesse og engasjementet blant dei unge skulle auke som ein effekt av forsøket. Det skjedde ikkje, seier Bergh.

LES OGSÅ: Vil gje stemmerett til 12-åringar

Vil vite konsekvensane
Forskarar og politikarar har altså gjort seg nokre erfaringar. No er det klart for nytt forsøk og ny evaluering. I år som i 2011 er det tjue kommunar som er med. Ti av dei deltok også førre gong, ti kommunar er nye.

Også denne gongen skal forskarane sjå på valdeltakinga blant dei unge, i tillegg til å finne ut kva tiltak som blir sett i verk for å mobilisere ungdom i kommunane og rolla skulen har i mobiliseringa.

– Forsøket er viktig for å seie noko om konsekvensane av lågare stemmerettsalder. Me har ein eksperimentsituasjon der nokre 16-17-åringar får stemmerett og andre ikkje, og det er ein ganske gunstig situasjon for å seie noko om kva effekt ei senking kan få, forklarar Bergh.

LES OGSÅ: Her stemmer 16-åringen

Trur ikkje på ei permanent ordning
Stortinget har stor handlefridom til å setje ned stemmerettsalderen – om dei folkevalde vil. Det er ingen konstitusjonelle eller rettslege hindringar. Det er rett og slett snakk om politisk vilje. Men Bergh meiner det ikkje er sannsynleg at politikarane på kort sikt vil endre reglane.

– Det er lite som tyder på at det blir politisk fleirtal for å setja ned stemmerettsalderen. Det er først og fremst dei mindre partia, som Venstre og SV, som er for. Arbeidarpartiet er kanskje på glid. Det veit me ikkje heilt. Så i næraste framtid trur eg ikkje stemmerettsalderen blir gjort om til seksten år. Men ting kan skje på lengre sikt.

Målet med evalueringa er først og fremst å sikre politikarane eit solid grunnlag for å ta ei avgjerd. Men Sveinung Rotevatn i Venstre sa tidlegare i sommar at ein veit nok til å innføra ordninga, og difor ikkje treng ein ny runde med forsøk.

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) er blant dei som meiner prøveordninga bør utvidast.

LES OGSÅ: Meiner me er klare for 16-åringar som stemmer

Unge stemmer på unge
Hovudfunna frå sist gong var ein positiv effekt på deltaking, men at ordninga hadde mindre å seie for politisk engasjement og interesse blant unge.

– Men ein ting me såg var at unge politikarar fekk ein del personstemmer i forsøkskommunane. Dermed blei mange av dei unge politikarane stemt inn i kommunestyra. Det er jo ein positiv effekt av forsøket, for unge er underrepresenterte i politikken både lokalt og nasjonalt, seier Bergh.

– Veit de kva 16- og 17-åringar stemmer på?

– Ja, me veit i alle fall frå førre gong kva dei stemte på. Det som er påfallande, er at det er liten skilnad på 16-17-åringar og veljarar elles.

Bergh peikar på at eit typisk argument mot å gi 16- og 17-åringar stemmerett er at dei ikkje har gjennomtenkte meiningar, at dei lett lèt seg leie av populistiske parti og politikarar.

– Men i realiteten stemmer dei stort sett som resten av befolkninga. Dei spreier seg over heile det politiske landskapet, forklarer han.

Resultata frå skulevala har vist ei endring over tid. På 1990-talet var det fløypartia som gjorde det godt blant ungdom. Frp og SV var mest populære. Men dei siste tiåra har dette endra seg, og dei etablerte partia Arbeidarpartiet og Høgre har vunne unge veljarar.

Faktaboks

Forsøket blei første gong gjennomført ved kommune- og fylkestingsvalet i 2011.

Tjue kommunar deltek i forsøket

Resultata frå forsøket er mellom anna publisert i rapporten «Stemmerett for 16-åringar» frå 2014.

Forslaget om å redusera stemmerettsalderen har ikkje politisk fleirtal i Stortinget.

I 2010 blei eit grunnlovsforslag om å setja ned stemmerettsalderen stemt ned med 130 mot 12 stemmer.

Berre SV og Venstre har programfesta nedsett stemmerettsalder. Miljøpartiet Dei Grøne er for ved lokalval. (©NPK)