– Foreldre saksøkte for pinlege barnebilete på nett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foreldre saksøkte for barnebilete

Saka blir den første i sitt slag i Austerrike når den kjem opp for retten i november, skriv nettavisa The Local.

Kvinna seier livet hennar har blitt forferdeleg fordi foreldra sidan 2009 stadig har lagt ut pinlege og intime barnebilete. Bleiebilete og pottetrening er nokre av dei private stundene foreldra har valt å dele med sine 700 Facebook-venner.

– Dei eigde ikkje skam og hadde ingen grenser. Dei brydde seg ikkje om at det var bilete av meg medan eg sat på do eller låg naken i ei barneseng – alt blei fotografert og offentleggjort, forklarer 18-åringen.

Ifølgje advokaten hennar er det snakk om 500 bilete som er lagt ut opp gjennom åra. Kvinna bad først foreldra om å fjerne bileta frivillig, men valde å gå til sak då dei nekta å etterfølgje ønsket hennar. Faren meiner han har rett til å publiserer bileta, ettersom det er han som har teke dei.

Oppdatering: Fredag kom det opplysningar som kastar tvil over historia, ifølgje The Local.

LES OGSÅ: Kan klage på barnevernet på Facebook