Forboden kjærleik blir ikkje trudd

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar å bli steina til døde

Først publisert i Jærbladet.

Shokria og Nashrulla blir ikkje trudde på at dei treng asyl i Norge. Nå reagerer naboar på saksbehandlinga og prøver å hjelpa slik at dei ikkje blir sende tilbake til Afghanistan neste veke.

I eit lite husvære i Eivindsholen, i eit såkalla desentralisert mottak, bur det ein familie på tre som nå er livredde for at deira forbodne kjærleik skal føra til kraftige hemnaksjonar i heimlandet.

– Me klarer ikkje å sova om nettene og er redde for at politiet plutseleg skal koma og henta oss og senda oss ut av landet. Eg meiner at alle jenter bør ha rett til å velja kven dei skal vera saman med, og eg vil berre vera saman med Nashrulla, seier 25 år gamle Shokria.

Ho sit ved sida av sambuaren og deira to år gamle son Bashir Ahmad. Dei har dekka på med pizza, cola og snop, og rundt bordet sit naboane Lars Lode og Geir Pollestad samt ein tolk. Naboane har blitt gode vennar dei siste månadane og gjer nå alt dei kan for å sikra dei unge afghanarane ei rettferdig behandling. Asylsøknaden har nemleg blitt avslått av både Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE) på grunn av at myndigheitene ikkje trur på kjærleikshistoria deira.

Ifølge det unge paret er historia slik:

Shokria og Nashrulla er søskenbarn og har kjend kvarandre sidan dei var små. Då ho var 18 år og han var 23 år forelska dei seg heime hjå Nashrulla i Kabul. I deira kultur er det ulovleg for ei jente å forelska seg i ein gut. Der skal familien bestemma kven ho skal gifta seg med. Difor haldt dei forholdet hemmeleg i tre år før det blei oppdaga. Shokria og Nashrulla håpa likevel at forholdet skulle bli akseptert sidan dei var i familie. Men dei tok feil. Shokria blei innesperra av sin familie på eit trongt rom og utsett for tortur.

– Mine tre brør banka meg opp. Eg fekk ikkje mat og dei snakka ikkje med meg. Dei gjorde det fordi eg hadde ført skam på familien og dei ville hindra at eg trefte Nashrulla igjen, fortel Shokria.

Etter seks månadar i fangenskap i eigen heim, valde mora og brørne til Shokria å ta henne med til Russland. Dette var på grunn av at dei ikkje orka baksnakking frå lokalmiljøet og fordi dei var redde for at ho skulle stikka av med Nashrulla.

– Rundt juletider i 2010 slepte dei meg fri i Russland. Dei hadde også funne ein mann på 40 år som dei ville at eg skulle gifta meg med. Men eg ville bare ha Nashrulla. Eg stakk av og blei kjend med ei russisk dame som var gift med ein afghansk mann. Dei hjelpte meg med å få Nashrulla til Russland. Men ikkje lenge etter at me blei gjenforeina fann brørne mine oss og banka oss opp, fortel Shokria og let pekefingeren gli langs sitt venstre auge.

– Eg har framleis merke etter at dei kasta glas på meg, seier ho og viser fram eit blåleg arr.

– Og nasen min er skeiv ennå etter at dei brekte den, seier Nashrulla.

Valdsepisoda førte til at familien til Shokria blei sendt heim til Afghanistan, men det unge paret var framleis ikkje trygge. Dei hadde ikkje lovleg opphaldsløyve i Russland og levde i konstant frykt for å bli henta av politiet. I 2014 blei dei dessutan foreldre til ein liten gut, som dei ønskte at skulle få ein trygg oppvekst. Difor flykta dei over den norsk-russiske grensa i september 2015. Då var Shokria gravid igjen.

Mista barnet

– Dei siste åra har vore veldig vanskelege, seier Shokria medan tårene renn nedover kinnet.

– Alt stresset førte til at eg mista min litle baby. Han blei fødd død etter sju månadar, fortel ho og tørkar rundt augo med handbaken.

– Og nå skal me bli sendt tilbake til Afghanistan. Det er ikkje trygt for oss der. Min familie er oppteken av hemn. Dei er rike og vil bruka alle sine ressursar på å finna oss. Dei har truga familien til Nashrulla, men stammerådet i lokalmiljøet gjekk inn og hindra dei i å skada familien på grunn av at dei meinte dei ikkje kunne stå til ansvar for det me hadde gjort. Men familien min fekk løyve til å drepa oss. Dei vil drepa både meg, Nashrulla og sonen vår sidan han er fødd utanfor ekteskap. Det er ikkje uvanleg der me kjem frå at dei grev eit hol i bakken og steinar folk til døde, fortel ho med skjelvande røyst.

Nabohjelp

Det unge paret blei intervjua kvar for seg av UDI over to dagar i mars i år og fortel at dei heile vegen hadde ei kjensle av å ikkje verta forstått. Han blei intervjua i sju timar og ho blei intervjua i nesten ni timar på eit språk ho ikkje snakkar flytande. I avslaget på asylsøknaden går det fram at UDI meiner at opplysningane dei to har gitt sprikar og at både UDI og UNE ikkje finn det sannsynleg at det unge paret kunne våga å ha eit skjult og ulovleg forhold når dei visste om konsekvensane ved dette.

– Me har lese intervjua som blei gjort då Nashrulla og Shokria søkte om beskyttelse og er rysta over saksbehandlinga. Det ser ut som eit barneskuleintervju. Både kvaliteten på spørsmåla og språket er utruleg dårleg. Eg undrar på om tolken har forstått det dei har fortald, seier Geir Pollestad.

Han bur berre eit steinkast frå det unge paret og blei kjend med dei ein gong dei trong hjelp med sykkelen. Nå har han engasjert seg både som nabo og politikar for å hjelpa asylsøkjarane.

– Både som politikar og jurist steilar eg når eg ser denne saksbehandlinga. Om ein hadde prøvd seg med liknadane saksbehandling i ei byggjesak eller mot ein butikktjuv hadde folk rista på hovudet. Viktige oppfølgingsspørsmål er ikkje stilt og det som er referert frå intervjua er veldig lite når me tenkjer på kor lenge dei blei intervjua. Når myndigheitene knyt konklusjonen til truverdigskap, meiner eg det stiller ekstra store krav til intervjuet. Dette er ikkje ei rettssikkerheit som den norske stat verdig. Eg vil ta opp kvaliteten på asylintervjua med mine kollegaer på Stortinget og nytta denne saka som døme. For meg handlar dette både om denne familien og om dette faktisk er vanleg praksis, seier SP-politikar Geir Pollestad.

– For strenge

Ifølge advokat Liss Byrkjedal held ikkje intervjukvaliteten normal standard. Ho vart oppnemnd som advokat for det afghanske paret då dei fekk avslag på asylsøknaden frå UDI, og har vore involvert i mange slike sakar tidlegare.

– Eg påpeika kvaliteten i klagen til UNE. Spesielt intervjuet med Nashrulla er svakt. men det blei ikkje teke omsyn til. Nå har me fått eit brev frå faren til Nashrulla som stadfestar problema i heimlandet og har fått nye opplysningar frå jordmora til Shokria om hennar helsetilstand. Ho har ekstra behov for oppfølging her på grunn av dødfødselen. Med bakgrunn i desse opplysningane kjem eg til å senda inn ein førespurnad om omgjering til UNE i løpet av dei neste dagane, seier Byrkjedal.

Ho understrekar at ho har eit håp om å få endra vedtaket.

– UDI og UNE er kjende for å vera strenge og det er vanleg at dei leiter med lys og lykter for å finna noko som er sjølvmotseiande. Men dette er ei av dei sakene der eg meiner at dei har vore for strenge, seier ho.

Få saker i retten

Om ikkje førespurnaden om omgjering fører fram, er det mogleg å ta saka inn for domstolane. Men det vil sannsynlegvis kosta mellom 100.000 og 200.000 kroner.

– Det er få asylsøkjarar som har høve til å ta denne kostnaden og difor er det få slike saker som blir ført for retten. Det er synd sidan UDI og UNE ikkje alltid gjer rett. Difor er det viktig at nokre slike saker blir prøvd, seier Byrkjedal.

Ho får støtte frå Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS).

– I 2015 behandla UNE 5784 klagar avslag om asyl. 16,2 prosent av dei blei omgjorte, men berre 150 gongar blei UNE saksøkt, seier Andreas Furuseth, juridisk seniorrådgjevar i NOAS.

Han vurderer nå om NOAS skal gjera eit vidare utspel i denne saka.

– Me har ikkje bestemt oss ennå. Me kan senda førespurnad om omgjering til UNE, men eg må sjå litt nærare på dei nye opplysningane. Det kan også vera eit alternativ å ta saka opp gjennom domstolane. Me har nemleg kontakt med nokre firma som kan gjera det for oss i heilt spesielle saker, men det skal mykje til for at me går så langt, seier han.

Godt nok for UDI og UNE

UDI og UNE meiner at språket og toklinga ikkje har hatt innverknad på vedtaket.

– Språkleg sett har intervjuet nokre svakheiter, men innhaldet framstår som tilstrekkeleg og tydeleg. Såleis kan ikkje UNE sjå at klagaren sin svekka truverdigskap har samanheng med tolkinga av intervjuet, seier nemndleiar i UNE Knut Arild Tverås.

UDI på si side held fast ved at både språket, informasjonsinnhentinga og oppfølgingsspørsmåla til intervjuaren er tilfredsstillande.

– Intervjuaren har dekka tema som er relevante for å behandla søknaden om beskyttelse. Søkaren er intervjua om hans identitet, opphald i Russland, forklaring og om kvifor han ikkje kan reisa tilbake til Afghanistan, hans relasjonar og barnets situasjon. Søkaren får rom og tid til å forklara detaljert om årsakene til at han reiste frå heimlandet, og kva som er årsaka til at han ikkje kan reisa tilbake til Afghanistan. Intervjuaren går tematisk til verks for å bidra til at me får opplyst saka på ein god måte. Språket til intervjuaren er godt, og intervjuaren premisslegg gjennomgåande i intervjuet for søkjaren kva tema som søkjaren skal snakka om. Språket i svara tyder på at tolken har eit noko enkelt språk, men me meiner at dette ikkje har betyding for vår vurdering av saka, seier Ingrid B. Olram, områdeleiar i UDI.

Få klagar

UDI og UNE presiserer at Nashrulla får eit spørsmål omformulert når han ber om det og at verken Nashrulla og Shokria klaga på intervjuet eller tolkinga då dei fekk spørsmål om det.

– Det me veit om tolkane som deltok under intervjuet med mannen er at den første tolken er flink og erfaren. Han har tolkeutdanning både i dari og pashto. Den andre er relativt ny, men har tolka for oss i omlag eitt år og går på tolkeutdanning i dari. Me har ikkje hatt klagar eller merknadar om han frå intervjuarar, seier Ingrid B. Olram.

– Kjem det ofte inn klagar på kommunikasjonen i intervju?

– Av og til, men sett i forhold til det store talet på søkjarar, er ikkje talet høgt, svarar ho.

– Er det mogleg å få nytt intervju om asylsøkjaren føler seg misforstått?

– Om det har betyding for resultatet kan me kalla inn til nytt intervju. Me vurderer løpande om det er behov for tilleggsintervju nettopp for å sikra at me får opplyst saka godt nok. Den hyppigast årsaka til at me tek nye intervju er at det ikkje er innhenta tilstrekkeleg informasjon om viktige forhold. Det har også skjedd at det har blitt teke nye intervju på grunn av kvalitet på tolking eller dårleg kommunikasjon, svarar Olram.