≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Vidaregåande skule, bokmål, Karakterar

– For mykje med tre karakterar i norsk

Det har blitt mindre stress for både elevar og lærar ved Bømlo vidaregåande skule, etter at norskfaget fekk færre karakterar. 

Ingunn Gjærde
tysdag 14. februar 2017 16.18

– For mykje med tre karakterar i norsk Elevane ved Bømlo vidaregåande skule (vgs) vil ha endå meir tid til skriving. f.v. Marta Innvær (adjunkt), Katrine Sivertsen Våge (Vg3), Nathalie Sortland (Vg3), Peter Alvsvåg (Vg2), Wilhelm Anthun (Vg2). Foto: Ingunn Gjærde

– I år, når me har fått tre norskkarakterar igjen, har læraren stressa litt med å få nok vurderingar til å setja halvårskarakteren. Me måtte pressa inn ei kortsvarsoppgåve, fortel Nathalie Sortland i tredjeklasse på studiespesialiserande.

Sidan 2013 har Bømlo vidaregåande skule vore med på forsøket med færre norskkarakterar. I første- og andreklasse kan norsklærarane ha færre prøvar og vurderingssituasjonar, etter at tre karakterar har blitt til to. Nå har Kunnskapsdepartementet opna for å forlenga norskforsøket.

På Bømlo vgs har elevane éin skriftleg og éin munnleg norskkarakter i halvårsvurdering dei to første åra. Tidlegare har alle hatt tre karakterar, med eigen hovudmål- og sidemålskarakter kvart halvår.

LES OGSÅ: Slik starta norskforsøket

For mykje   
Marta Innvær er norsklærar, og kan skriva under på at norsk er eit stort og omfattande fag. For nokre år sidan søkte ho og ein kollega om å melda skulen på forsøket.

– Opplever de norskfaget som mykje pes, spør Innvær elevane.

– Ja, spesielt når det kjem til alle vurderingane me må ha i faget. Det er rett og slett for mykje med tre karakterar, svarer Sortland raskt.

Wilhelm Anthun og Peter Alvsvåg nikkar anerkjennande. Dei går i andre klasse på studiespesialiserande, og undrar seg over kvifor norskfaget har så mange karakterar, og tel så mykje i forhold til andre fag.

– Me har nesten like mange timar i fysikk for eksempel, og der er det berre éin karakter, seier Anthun.

På det avsluttande vitnemålet skal det framleis vera tre norskkarakterar.


– Eigentleg kunne me gjerne hatt endå fleire norsktimar, seier Katrine Sivertsen Våge (Vg3) t.v.. Nathalie Sortland (Vg3) t.h. er ikkje heilt samd i at det er løysinga. Foto: Ingunn Gjærde

Nokre vil tilbake til tre karakterar
– Me hadde tre karakterar i norsk heile ungdomsskulen, og det gjekk jo heilt fint det, seier Katrine Sivertsen Våge.

Ho er ikkje samd med dei tre medelevane sine, og trekk fram at mange har forskjellig kunnskapsnivå i sidemål og hovudmål. Difor er det rimeleg å ha eigne karakterar i bokmål og nynorsk heile vegen, argumenterer ho.

Forskarane sin førebelse rapport frå januar 2016, støtta at elevane skal få tre karakterar i norsk.

Å ha færre karakterar kan gi ei utfordring, også når det kjem til overgangen til Vg3, meiner Våge.

– Om du ikkje veit korleis du ligg an i sidemål og hovudmål kan overgangen bli endå større. Det kan vera store sprik, seier ho.

Skriveopplæring
– Er det ikkje meir motiverande å ha fleire karakterar, spør me dei tre andre elevane.

– Nei, kjem det spontant og unisont frå bømlingane.  

– Men me ville gjerne hatt endå meir fokus på skriving, seier Anthun.

Dei fire elevane er samde om at skriving er eit fagområde som bør vera meir prioritert.

Nyleg presenterte Utdanningsdirektoratet ei evaluering av norskforsøket som Bømlo vidaregåande skule deltar i. Ifølgje rapporten fortel  lærarane som deltek i forsøket at dei får betre tid til skriveopplæring, og at det blir fleire uformelle vurderingssituasjonar.   

Forskarane har også funne at elevane får fleire undervegsvurderingar og framovermeldingar om kva dei kan jobba meir med i faget.


 Kvifor er det så mange norskkarakterar? undrar Peter Alvsvåg (Vg2) og Wilhelm Anthun (Vg2). Foto: Ingunn Gjærde

Vil ha færre i tredje klasse også
Norsklærar Innvær er blant dei som  merkar at presset ikkje er så stort som tidlegare.

På ein heildagsprøve har ho moglegheit til å la elevane vera me på å vurdera eigne tekstar, og ho har tid til å ha ein dialog med elevane i etterkant.  

– Det hadde ikkje gjort noko om me hadde det hatt to norskkarakterar i tredje klasse også. Ein har litt lite vurderingsgrunnlag når ein skal setja tre karakterar, seier Innvær.  

Men alternativet om å slå saman sidemål og hovudmålskarakteren uroar ho samstundes litt. Fokuset på sidemål hadde kanskje blitt mykje mindre då, undrar ho.

LES OGSÅ: Jublar for eigen karakter i sidemål

Høgre vil ha éin felles skriftleg karakter
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen uttalte nyleg at målet om at alle skal bli skriveføre i både bokmål og nynorsk er “ein utopi”. Høgre har i partiprogramforslaget for 2017 ytra at dei ønskjer sidemålskarakteren fjerna i ungdomsskulen og på vidaregåande.

Synnøve Marie Sætre, leiar for Norsk målungdom, har tidlegare sagt til Framtida.no at éin felles, skriftleg norskkarakter ikkje vil sikra at nok tid blir brukt på både nynorsk og bokmål. Ho fryktar at det vil bli ei usynleggjering av nynorsken og at den språklege jamstillinga vil undergravast.  


Oppdatert: fredag 17. februar 2017 11.01
Kommentarar

– For mykje med tre karakterar i norsk
Sjølv med færre karakterar i norsk sit adjunkt ved Bømlo vgs, Marta Innvær, framleis ofte i helga og rettar. Foto: Ingunn Gjærde


Faktaboks

Forsøk med færre norskkarakterar

- I dag får elevar på ungdomsskulen og den vidaregåande skulen tre norskkarakterar: skriftleg hovudmål, skriftleg sidemål og munnleg

- Saman med 20 ungdomsskular og 190 vidaregåande skular har Bømlo vidaregåande skule færre norskkarakterar

- Skulane kan ha éin samla karakter eller to karakterar, ein skriftleg og ein munnleg i halvårsvurderinga i norsk

- Timetalet i norsk er fire timar i Vg1 og Vg2, medan i Vg3, når avgangskarakter i faget skal setjast, er det seks timar

- Regjeringa har forlenga prosjektet fram til 2019

 
ANNONSE: