«Folkepedia» skal spreia folkedans til folket

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmar på nett skal spreia folkedans

– Me opplever etterspurnad etter opplæringsfilmar i folkedans som er enkelt tilgjengelege. I tillegg ynskjer me å synleggjera unge folkedansarar over heile landet, og dei lokale tradisjonane, forklarar Halldis Folkedal.

Ho er prosjektleiar for Folkepedia.no, ei nettside med opplæringsvideoar i folkedans laga av Noregs Ungdomslag.

Blant dei 23 filmane finn du mellom anna Nordlandspolsstrekkbuksepolkadobbel reinlender og halling. Desse er blitt til med hjelp av dansarar frå Oslo, Bodø, Hellesylt og Sykkylven.

– Dette er nok det første prosjektet av sitt slag i Noreg, der barn og unge formidlar dans til barn og unge. Eg har mykje meir trua på det enn at me vaksne skal formidla, seier Folkedal, som er kulturrådgjevar i folkedans i Noregs ungdomslag.

– Strekkbuksepolka er ein enkel dans som er mykje brukt, ifølgje Halldis Folkedal. Her demonstrerer Hellesylt Ungdomslag:

Strekkbuksepolka from Noregs Ungdomslag on Vimeo.

– Treng rollemodellar
Ifølgje rapporten «Dansearven» frå 2012, er det færre som dansar folkedans i dag enn for 10–20 år sidan. Folkedal forklarar at det er stor variasjon i folkedansmiljøet rundt om i landet. Nokre stader har stor aktivitet, andre ingen.

– Eg trur folkedansen alltid går i bølgjedalar. På 70-talet var det hipt, og då Frikar var med og vann MGP, fekk det ein oppsving. Me treng nasjonale rollemodellar, stjerner og talentprosjekt innanfor folkedans. Me treng verkty som gjer at fleire oppdagar folkedans; håpet er at dette kan vere eit slikt verkty, seier dansepedagogen.

Vil til Vågå
Til forprosjektet Folkepedia.no har Noregs Ungdomslag har gått inn med ein eigenandel på 100.000 og har fått 200.000 i støtte frå Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).

Tanken er å utvida med fleire filmar frå heile landet, og etter kvart òg folkemusikk.

Planane for Møre og Romsdal, Troms og Vågå er allereie godt i gang, og Noregs Ungdomslag søkjer vidare støtte.

– Håpet er at born og ungdommar over heile landet skal oppdaga Folkepedia. At dei kan læra dans gjennom filmane og bli inspirerte til å oppsøkja dansemiljø, avsluttar Folkedal.

Dansarar frå Hellesylt Ungdomslag og Sykkylven Ungdomslag viser ein springar frå Nordmøre:

Springar frå Nordre Sunnmøre from Noregs Ungdomslag on Vimeo.

Faktaboks

Noregs Ungdomslag vart skipa i 1896, og er ein kulturorganisasjon med omlag 14.000 medlemmer i nær 400 lokallag over heile landet. Føremålet til organisasjonen er å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.

Kjelde: Noregs Ungdomslag