– Flytevestpåbodet fungerer ikkje

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Båtorganisasjonane går dermed imot konklusjonane i ein evalueringsrapport om flytevestpåbodet som analyseselskapet Oxford Research har laga for Nærings- og fiskeridepartementet. Konsulentane tilrår der ei vidareføring av påbodet, men ber Nærings- og fiskeridepartementet vurdere å utvide påbodet til òg å gjelde alle fritidsbåtar og dessutan båtar som ligg i ro.

Sjølv om det er for tidleg å seie om vestpåbodet har påverka dødsulykketala, peikar konsulentselskapet på at påbodet har fått fleire til å bruke flytevest. Men i rapporten oppmodar dei elles departementet til å kartleggje årsakene til dødsulykker med fritidsbåtar betre.

Andre kriterium

Kongelig Norsk Båtforbund og Norges Seilforbund er ikkje tilhengjarar av eit slikt utvida påbod, men ønskjer seg i staden heilt andre kriterium enn båtlengd, som dei meiner har lite med saka å gjere.

– Risikoen for alvorlege ulykker til sjøs har med heilt andre forhold enn båtlengda å gjere. Derfor vil vi vri påbodet mot mellom anna fart og andre forhold som faktisk påverkar tryggleiken, seier president Tor Møinichen i Seilforbundet.

Fart og siktforhold

Dei to organisasjonane foreslår at påbodet skal gjelde i fritidsbåtar som køyrer i 20 knop eller meir; når føraren er åleine i båten; når mørke eller siktforhold tilseier laterneplikt; og elles heile vinterhalvåret.

– Vi opplever at evalueringsrapporten langt på veg støttar argumentasjonen vår og oppmodar politikarane til å lytte til båtorganisasjonane. Vi har stor forståing for at stortingsfleirtalet vil ha ei lov som betrar tryggleiken til sjøs, men vi ønskjer at ho blir retta mot tiltak som faktisk har effekt, seier Møinichen. (©NPK)