Flest jenter reiser på utveksling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flest jenter på utveksling

– Vi veit ikkje kvifor det er slik, men vi har sett den same tendensen blant dei som vel å ta alle dei tre vidaregåande åra i Frankrike, seier Siv Andersen, avdelingsdirektør i Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) til Dagens Næringsliv.

SIU er eit nasjonalt kompetansesenter under Kunnskapsdepartementet.

Trenden er den same hos AFS Norge Internasjonal Utveksling.

– Eg trur at noko av forklaringa ligg i at jenter er tidlegare modne enn gutar, seier generalsekretær Marit Grønskei i organisasjonen til avisa.

For tretti år sidan var det gutane som dominerte blant utvekslingsstudentane, men no har fleire skular måtta innføra eigne «gutekvotar» for at ikkje berre jentene får prøva seg som utvekslingselevar, fortel avisa.

LES OGSÅ: – Ta sjansen på utveksling!