Flest jenter interessert i den maritime bransjen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Populær med maritimt

Då fristen gjekk ut for å søkje på sommarjobb og Havyard sitt populære sommarprogram, var heile 317 søknadar mottekne. Dette er det høgaste talet på søkjarar nokosinne, og svært mange er jenter.

Det har vore stor interesse blant studentar og ungdommar for å jobbe i Havyard. Dei siste sommarane har mange ungdommar vore tilsett som Young Professional Summer Interns, eller deltatt på det to veker lange Havyard Academy Summer Program.

I år er interessa rekordhøg. Heile 317 unge studentar ynskjer å jobbe i Havyard.

– Dette er vi sjølvsagt veldig fornøgde med, seier HR-konsulent Ingrid Thorseth, som fortel at dei no har ein del arbeid framføre seg med å plukke ut kven som skal gå vidare til intervjurunda.

Jentene i fleirtall

Av søkjarane til sommarprogrammet er over 60 prosent jenter, og 40 prosent av dei som ynskjer sommarjobb er også jenter. Med tanke på fråflyttingstrenden blant unge kvinner i fylke som Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, er dette eit godt teikn.

– At nærare halvparten av søkjarane til Havyard sitt sommaropplegg er kvinner, ser eg på som svært positivt, seier HR-direktør Frank-Levi Kvalsund, og legg til at han også er overraska, med tanke på at den maritime næringa tradisjonelt sett har vore mannsdominert.

– Det er flott at dette kan vere på veg til å snu, seier han.

Bra for rekruttering

Mange av dei som blir introduserte for bransjen som Young Professional Summer Interns eller via Havyard Academy Summer Program, kjem tilbake som jobbsøkjarar seinare, og Havyard har rekruttert fleire av dei.

– Vi veit at den maritime næringa er ein attraktiv arbeidsplass, og det er difor svært hyggeleg at over 300 personar ynskjer å jobbe ute i distrikta hjå oss, seier Kvalsund.

Dei som blir tilbydt ein jobb som Summer Intern vil få ulike oppgåver i konsernet som ferieavløysarar i kontorstillingar eller i produksjonen. Her blir ungdommen tilbydt blant anna jobbar innan konstruksjon, økonomi, marknadsføring, innkjøp, IT og personell.

LES MEIR OM YRKESVAL HER!

Introduksjonskurs og sommarjobbar

Havyard Academy Summer Program har plass til 18 deltakarar, som får ein unik sjanse til å bli kjent med den maritime bransjen generelt og Havyard spesielt.

– I Leirvik får dei omvising på verftet, medan dei på Sunnmøre får møte konsernet si leiing, i tillegg til at både tilsette og traineear presenterer seg og jobben sin, fortel Ingrid Thorseth, og seier at i år kan deltakarane dessutan glede seg til noko litt spesielt.

– Dei får vere med på ein tur til Polen og Havyard si designavdeling der, avsluttar ho.

I tillegg til de 18 ungdommane på introduksjonskurset vurderer Havyard å tilsette mellom 30 og 40 Young Professional Summer Interns (sommarjobb) i år.

LES SAKA I VIKEBLADET!