Fleirtal mot fylkessamanslåing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre 35 prosent er for samanslåing, viser målinga som Sentio har utført for Klassekampen.

Stortinget har bestemt at dei 19 fylka skal slåast saman til om lag ti nye regionar. Så langt har berre seks fylkesting sagt ja til å slå seg saman med andre. Desse er Nord- og Sør-Trøndelag, Aust- og Vest-Agder, og Hordaland med Sogn og Fjordane. Ei frivillig reform ville dermed ført til ein reduksjon frå 19 til 16 fylke.

– Denne reforma er fullstendig uansvarleg. Den er verken greidd ut eller gjennomtenkt, men hasta gjennom utan at folk heilt har fått det med seg, seier Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum til avisa.

Helge Andre Njåstad (Frp), leiar av Stortingets kommunalkomité, seier han ikkje er overraska over motstanden blant folket.

– Eg trur ikkje folk er så engasjert i fylkeskommunen. Dermed landar mange på at det er greitt å ha det som ein har det, seier han. Njåstad seier han ikkje er negativ til å tvinge gjennom reforma, om støttepartia KrF og Venstre er innstilt på å lande ho til våren.

På knaggen Vestlandsregionen kan du lesa alt om den planlagte fylkessamanslåinga i vest.