Fleire vil bli lærarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nye tal frå statistikken Studentar i høgare utdanning viser at det var 39.440 studentar på dei ulike lærarutdanningane i landet i 2016. Året før var talet 36.850, skriv Statistisk sentralbyrå i ei pressemelding.

På dei ulike lærarutdanningane på bachelor- og masternivå var det 830 fleire studentar i 2016. På praktisk-pedagogisk utdanning var det ein studentauke på 24 prosent, som vil seie 740 studentar. I tillegg tok 1020 fleire lærarar vidareutdanning i 2016 enn i 2015.

Talet på studentar på dei ulike lærarutdanningane har auka med rundt 1.000 studentar kvart år frå 2011 til 2013, men frå 2013 har studenttalet auka med over 2.000 frå år til år.

Stadig fleire vel å ta høgare utdanning. Hausten 2016 var det totalt 289.000 studentar i høgare utdanning i Noreg eller studentar frå Noreg i utlandet. Dette var ein auke på 5.900 studentar frå året før.