Fleire unge plaga av slitasjegikt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artrose kan ramme dei fleste ledd i kroppen og har truleg meir komplekse årsaker enn slitasje. Lidinga fører til svekking av leddbrusken, slik at beina blir skadde og endrar form, noko som igjen gir smerter og nedsett funksjonsevne.

LES OGSÅ: – Feirar livet i kreftvideoen

Kjeven og kneet
Hos dei yngre pasientane går det helst ut over kjeven, men det er òg døme på at barn og unge får slike bruskskadar i knea, særleg i samband med overvekt.

– Eg har sett røntgenbilete av kjeveledda hos ungdom som ser ut som kjeveledda hos pasientar på over 50 år, seier doktorgradskandidat Anna-Karin Abrahamson ved Det odontologiske fakultetet i Oslo.

LES OGSÅ: No kan dei dyrka organ

Mest vanleg i ansiktet
– Muskulære smerter i ansiktet er det mest vanlege, men nyare studiar tyder på førekomsten av sjukdom i kjeveleddet er overraskande høg. I medisinske kretsar er det framleis nokså ukjent at barn og unge kan få ein slik diagnose, seier tannlegen.

Ei svensk undersøking viste i 1999 at den største tannhelse-relaterte grunnen til at barn og ungdom hadde fråvær på skulen, var at dei hadde vondt i kjeven.

LES OGSÅ: Hjernecelle forklarar dårleg søvn