Fleire elevar tek påbygging

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2011 var det 13.500 elevar som tok påbygging, medan det til samanlikning var 9.000 elevar som gjorde det same i 2006, melder SSB.

Påbygging er eit ettårig utdanningsprogram for å få generell studiekompetanse og som blir tilbode elevar i norske vidaregåande skular. Programmet er tilpassa elevar som har fullført dei to første åra i yrkesfaglege utdanningsprogram, og mange elevar går frå yrkesfaglege studieprogram til påbygging.

I 2011 var det 82.200 deltakarar på yrkesfaglege utdanningsprogram. Det vart avlagt 20.600 fag- og svenneprøver i løpet av skuleåret 2010/2011, og av desse varet det 30 prosent som gjekk opp som praksiskandidatar.

Totalt sett er det over 2.800 fleire elevar ved vidaregåande skular i 2011 enn i 2010. Denne auken kan i stor grad tilskrivast at fleire med innvandrarbakgrunn no går på vidaregåande.