Filmvåren melder seg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje før norsk filmbransje har slått seg på brystet og erklært 2016 som det beste året for norsk film i historia, så er det på'n igjen.

Nå kan norske kinogjengarar gå og sjå norsk film nærmast kvar veke.

Og det kjem filmar frå heile spekteret – frå den ultimate fanfilmen om Marcus og Martinus, som er første norske filmpremiere ut, via skrekk, historisk politisk drama frå norsk 60-tal til koselege familie- og teiknefilmar.

Og naturlegvis ikkje ein filmvår utan ein film med Anders Baasmo Christiansen – som denne gangen blir å sjå med øks i ei familie- og arvekonflikt.

«Marcus & Martinus – Sammen om drømmen»

Premiere 20. januar

Dokumentar om tvillingbrørne som er villig til å ofre alt for kvarandre og musikken, og fanpublikummet får følgje dei på avgjerande augneblink i reisa mot stjernene. Allereie er det selt 20.000 billettar.

Regissør: Daniel Fahre


Kari Bremnes som journalist i «Kings Bay» Foto: SF Norge

«Kings Bay»

Premiere 27. januar

Kari Bremnes spelar journalisten som kjem på sporet av sanninga om gruveulukka i Kings Bay på Svalbard i 1962, men sterke krefter prøver å stoppe henne i denne thrilleren.

Regissør: Stig Svendsen

«The Rules for Everything»

Premiere 27. januar

Enkel dramakomedie om dei vanskelege spørsmåla i livet, når Storm (10) må lage reglar for at verda ikkje skal falle frå kvarandre når faren forsvinn og mora lagar sjølvhjelpsvideoar.

Regissør: Kim Hiorthøy


«Trio – Jakten på Olavsskrinet». Foto: NordicStories AS / Nordisk Film Distribusjon

«Trio – Jakten på Olavsskrinet»

Premiere 17. februar

Vennegjengen Trio, kjent frå NRK-seriane, tar turen til filmlerretet med ei spektakulær skattejakt etter det segnomspunne Olavsskrinet, ein film for heile familien.

Regissør: Eva Dahr

«Det norske hus»

Premiere 17. februar

Godhjarta politisk satire/komedie, som tar til når ressurssterke Ramin kjem syklande over norskegrensa og finn vegen til Akademiet for å lære å bli norsk.

Regissør: Jan Vardøen


«Hjartestart», foto: David Katznelson

«Hjartestart»

Premiere 24. februar

Offshorearbeideren Kjetil, spelt av Kristoffer Joner, blir enkemann og legg ut på reise til fødelandet til den seks år gamle adoptivsønnen, Columbia – ei reise som forandrar dei begge for alltid.

Regissør: Arild Andresen

«Karenina and I»

Premiere 24. februar

Med Liam Neeson som forteljarstemme følgjer ein Gørild Mauseth når ho skal spele «Anna Karenina» på russisk, og når ho forsvinn inn i karakteren på ei indre reise.

Regissør: Tommaso Mottola

«Tungeskjærerne»

Premiere 24. februar

Ny dokumentar frå Solveig Melkeraaen, denne gongen om ungane i Vesterålen som følgjer tradisjonen med å jobbe som torsketungeskjærarar, sett gjennom byjenta Ylvas auge.

Regissør: Solveig Melkeraaen

«Barndom»

Premiere 3. mars

Margreth Olin tar for seg barndommen og kor mykje leik og fantasi betyr, i det som blir skildra som ein heilaftans kinofilm om barn i dokumentarform.

Regissør: Margreth Olin


«Karsten og Petra – Ut på tur» har premiere 10. mars. Foto: Márton Miklauzic

«Karsten og Petra – Ut på tur»

Premiere 10. mars

No får norske barn møte dei to nye skodespelarane som gestaltar dei velkjente Karsten og Petra-karakterane, som skal på fjelltur med familiane sine.

Regissør: Arne Lindtner Næss

«Oskars Amerika»

Premiere: 24. mars

Om 10 år gamle Oskar, som må ha sommaren hos den gretne bestefaren når mora reiser, men finn selskap i Levi, som bur i skogen med ein nærsynt hest. Saman planlegg dei å ro til Amerika for å finne mor til Oskar i denne familiefilmen.

Regissør: Torfinn Iversen


«Hoggaren», foto: Dan Laustsen

«Hoggaren»

Premiere: 31. mars

Ikkje eit kinoår utan ein Anders Baasmo Christiansen-film, og i dette dramaet spelar han Anders – som etter 20 år i Oslo vender tilbake til Rukkedalen og fordriv dagane med å hogge tre i skogen sin, men kjem i konflikt med slekta.

Regissør: Jorunn Myklebust Syversen

«Gråtass reddar garden»

Premiere 7. april

Ny familiefilm i Gråtass-universet, der Goggens vesle gard står i fare for å bli slukt av motorvegplanane til kommunen. Og då trer Gråtass og Gustav til for å redde den.

Regissør: Peder Hamdahl Næss


«Prebz & Dennis – The Movie», Foto: Nils J. Nesse

«Prebz & Dennis – The Movie»

Premiere 7. april

YouTube-stjernene Prebz og Dennis forflytter seg over til kinolerretet, i historia om når Preben prøver å komme i form til fjelltopptur, mens Dennis får kjærast og prøver å ta lappen – på same tid som det blir lovt «vogging, pranks, skjult kamera og alt vi kjenner frå Norges mest populære YouTube-kanal».

Regissør: Kaspar Synnevåg

«Fluefangeren»

Premiere 21. april

Drama, spelt inn i Makedonia, om ein lærer som mister jobben når et nytt politisk parti tar makta. Dermed låser han elevane sine inne i klasserommet for å løyse ei livslang etnisk konflikt – og bevise sin verdi for skuleleiinga.

Regissør: Izer Aliu

«Lyst»

Premiere 21. april

Skrekk/thrillerfilm om krimforfattaren Lisa, som skriv dryge bøker, men som etter eit overgrep låser seg inne i leilegheita sin – der det lèt til at nokon filmar henne. Kva er fantasi og kva er verkelegheit, heiter det om filmen.

Regissør: Severin Eskeland


«Richard Storken», foto: Euforia Film AS

«Richard Storken»

Premiere 5. mai

Familie/animasjonsfilm, der eit norsk produksjonsselskap er med på samarbeidet, og kor norske stemmer som Haddy Njie, Bjarte Hjelmeland og heile familien Oftebro er å høyre – i historia om sporven Richard som veks opp i ein storkefamilie.

Regissør: Toby Genkel og Reza Memari.