Filmkritikarprisen til Erik Poppe

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen, eit grafisk trykk av Kai Rittun, vart overrekt av tidlegare statsråd Åse Kleveland på vegner av Norsk Filmkritikerlag tysdag.

– Gjennom dei tidlegare filmane til regissøren, prosjekta hans, går ein tråd av brennande naudsyn. Ein intens vilje til å ta tak i viktige, etiske spørsmål. Det gjev filmskaparen fleire likskapstrekk med hovudpersonen i vinnarfilmen, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Sjølv vedgår Poppe at vinnarfilmen «Tusen ganger god natt» har sjølvbiografiske trekk. I filmen følgjer vi krigsfotografen Rebecca, som strevar med konflikten mellom karriere og familieliv.

– Langt på veg er denne filmen bygd på mine eigne erfaringar dei siste åra. I gamle dagar var eg ute i verda og fotograferte krig, død og elende. Dei siste seks– sju åra har eg teke dette opp att mellom spelefilmane mine, no med store barn og i ein familiesituasjon, fortel Poppe til NTB.

Ifølgje han har målet vore å få fram eit tydeleg bilete av det umoglege valet mange menneske må ta når dei må velje mellom arbeidet som dei brenn for, og familien som dei elskar.

– Eg ville bruke dei erfaringane eg sjølv hadde og problematisere dette, men samtidig få fram ei underhaldande historie, seier han.

Filmkritikarlaget delte også ut to nye prisar i år. John Christian Rosenlund fekk prisen for beste fagfunksjon for fotoet på «Tusen ganger god natt». Kritikerlagets nye heiderspris Budbringeren gjekk til Norsk Filmklubbforbund. (©NPK)

LES SISTE FILMNYTT HER!