Ferdig med innspelinga: – No startar den beste perioden​

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ferdig med innspelinga

Saka vart først publisert på Porten.no.

Årdal: Laurdag skaut dei siste scena i det som skal bli kortfilmen «Nundalsdrapet», som handlar om drapet på driftekaren Erik Høyheim på byrjinga av 1800-talet. 

Då vart to veker med intenst arbeid runda av. No ventar det Moen sjølv meiner er den beste perioden i produksjonen.

– No er det 24 dagar med klipping, fargelegging og lydarbeid. Det er den beste perioden, synest eg.

Innspeling i 18 minus

Kanskje ikkje så rart. Dei nesten 30 personane som har vore involvert i innspelinga har hatt lange og tøffe dagar. Sjølv om regissøren frå Årdal meiner vêret nærast har vore perfekt for filmen sin del, har det også vore krevjande.

Artikkelen held fram under biletet.

ISKALDT: I bitande kulde har det ivrige crewet stått på for å gjere seg ferdig med innspelinga. – Det ser bra ut på filmen, men det var heilt forferdeleg, ler regissør Ola Moen. Foto: Privat.

– Når det var 18 minus på fjellet og snø og vind, så ser det bra ut på filmen, men det var heilt forferdeleg, ler han.

No tykkjer han det er deilig å vera ferdig med innspelinga. Sjølv om det er snakk om ei bacheloroppgåve, har årdølen klint til i produksjonen, som har funne stad fleire stader i Sogn, som på Kaupanger og i Utladalen i Årdal. 

– Mykje å tenkja på

– Det er mykje å tenkja på, men me hadde planlagt godt. Produsenten min, Fredrik Wold-Hansen, er veldig dyktig og har blitt godt kjend med Årdal. I tillegg har me fått masse hjelp frå folk rundt oss. Far min og bror min har bidrege. Det gjeld å kjenna folk som veit kven eg må ringa til, forklarar han.

Artikkelen held fram under biletet.

RESULTAT I JUNI: No startar den beste perioden, seier regissøren. I juni blir resultatet vist på Ringen kino i Oslo, men dei håpar også å få til ei vining i Årdal. Foto: Privat.

– Eg tenkte at det ville bli ein del arbeid på førehand. Det er så mykje ein må ta omsyn til, som mat, ein plass å bu, ein plass å varma seg på settet – masse som føregår bak kameraet, legg han til.

Visning i juni

Moen, som studerer på Westerdals i Oslo, seier han har lært mykje dei to siste vekene. Han har merka at bygdefolket er interessert i prosjektet hans.

– Det er mange som er spente på resultatet. Eg merkar at folk har høyrt om filmen fordi dei kjem bort og vil snakka om han, også folk eg ikkje kjenner frå før. 

Resultatet skal synast fram på Ringen kino i Oslo i juni.

– Men me skal også prøve å få til ei visning på kinoen her i Årdal sidan det er så stor interesse, legg han til.