Femten ting du ikkje visste om St. Patrick’s Day

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 17.03.2021 13:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

15 overraskingar om St. Patrick’s Day

Viss du går ut på byen i kveld, er sjansane gode for at for at du ser unormalt mange som går rundt med trekløver, grøne klede og ein Guinness i handa. Det er sjølvsagt fordi det er 17. mars og St. Patrick’s Day, noko dei fleste utestader med irske drikkevarer på menyen veit å markera.

Men kven var eigentleg St. Patrick? Kvifor feirar me han, og korleis? Og kvifor har feiringa stadig oftare blitt møtt med kritikk dei siste åra?

Her kjem femten fakta du kan briljera med på byen i helga:

1: St. Patrick’s Day markerer dødsdagen til St. Patrick, ein katolsk misjonær som skal ha levd for meir enn 1500 år sidan. Han var eigentleg brite, men som 16-åring skal han ha blitt tatt til fange av irske piratar. Han fann Gud medan han sat i fangenskap.

2: St. Patrick har fått æra for å ha ført kristendomen til Irland, og blir difor kalla Irlands apostel. Ifølgje legenda brukte han trekløveret som eit symbol for treeininga når han forkynte for irane. PS: Viss du ser nokon som går med firkløver på St. Patrick’s Day, må du arrestera dei!

3: Patrick eller «Paddy» har også fått æra for å ha drive slangane bort frå Irland. Ifølgje legenda jaga han slangane på sjøen etter at dei gjekk til åtak på han medan han fasta i fjellet, og sidan har det aldri vore slangar på Irland. (I dag meiner forskarane at det aldri har vore slangar på Irland.)

 

4: Sjølv om St. Patrick’s Day ligg midt i fastetida, har det tradisjonelt blitt gjort unntak frå fastinga denne dagen, slik at folk kunne fråtsa i mat og drikke til ære for helgenen. Dette er opphavet til at dagen har blitt assosiert med store måltid og mykje alkohol.

5: Sidan 1700 har rundt 10 millionar irar utvandra til andre delar av verda, og det finst i dag rundt 75 millionar menneske i verda med irske anar. Dei fleste bur i Nord-Amerika, Australia og Storbritannia, og dei har det meste av æra for å ha spreidd St. Patrick’s Day-feiringa ut i verda.

6: Den første St. Patrick’s Day-paraden fann stad i Boston i USA så tidleg som i 1737. Det største opptoget går i dag gjennom New York, der 250 000 menneske deltar. I Oslo arrangerer Irish Society ein parade som går frå Jernbanetorget til Universitetsplassen laurdag 18. mars.

7: I Boston og New York var det lenge forbode for LHBT-grupper å delta i St. Patrick’s Day-paraden. Forboda blei først oppheva i 2014 i New York og i 2015 i Boston.

8: Chicago-elva som renn gjennom Chicago blir kvart år farga grøn under St. Patrick’s Day-paraden. Frå tradisjonen blei innstifta i 1962 farga dei elva med miljøskadeleg fluorescein, men etter at dette blei forbode har dei gått over til vegetabilsk fargestoff. 20 kg av stoffet gir fem timar med grønfarge.

Padlarar i den grønfarga Chicago-elva under St. Patrick’s Day-paraden. Foto: Scott M. Liebenson / WIkimedia Commons / CC BY-SA

9: Verda over blir det drukke 13 millionar glas Guinness på St. Patrick’s Day. Det er over dobbelt så mykje som på ein gjennomsnittleg dag (ja, berre dobbelt så mykje!).

10: St. Patrick er ikkje berre skytshelgen for Irland, men også for Nigeria. Nigeria har ein stor katolsk minoritet, og det var irske biskopar i landet som peikte ut Paddy som skytshelgen i 1961. Nigeria er forresten også den største marknaden for Guinness utanfor dei britiske øyane!

11: Sjølv om St. Patrick’s Day blir feira over heile verda, er dagen nasjonal heilagdag berre fire stader: Irland, Nord-Irland, den kanadiske provinsen Newfoundland and Labrador og den vesle, karabiske øya Montserrat.

12: St. Patrick’s Day har også blitt feira i verdsrommet. NASA-astronaut Catherine Coleman markerte dagen i 2011 ved å spela irske folketonar på tradisjonelle fløyter som ho fekk låna av musikarar i bandet The Chieftains.

13: I dag spring alle rundt i grønt på St. Patrick’s Day, men tradisjonelt er det like mykje blåfargen som har representert Irland og St. Patrick. Det irske riksvåpenet har alltid hatt blå bakgrunn, og då St. Patrick-ordenen blei danna i 1783 valde dei seg ein blåfarge som sidan har blitt kalla St. Patrick’s Blue. Grønfargen, som er assosiert med katolisismen og den irske nasjonalismen, har først seinare tatt over som «nasjonalfarge».

14: St. Patrick’s Flag, som også blei tatt i bruk av St. Patrick-ordenen, er verken blått eller grønt, men kvitt med ein raud diagonal kross. Dette flagget representerer i dag Irland i det britiske Union Jack, og blir brukt i St. Patrick’s Day-feiringa i Nord-Irland.

Det er lett å gløyma at St. Patrick’s Day opphavleg er ei religiøs feiring. Her frå ein kyrkjeleg prosesjon i Downpatrick, byen er helgenen skal vera gravlagt. Foto: Ardfern / Wikimedia Commons / CC BY-SA

15: Etter kvart som St. Patrick’s Day-feiringa har vakse og spreidd seg, har fleire og fleire sett dagen som eit høve til å «bli irsk» og gå på fylla. Kritikarar har argumentert for at dette er med på å forsterka negative stereotypiar om Irland og irar meir enn ei feiring av irsk identitet. Dei som tar del i feiringa utan å ha essensiell kjennskap til irsk kultur kan fort bli stempla som «Plastic Paddy».

Anten du tar på deg den grøne hatten og skålar for Paddy eller synest det heile er noko stort tull: Ha ein god St. Patrick’s Day!

(Kjelder: Wikipedia, WalletHub, thejournal.ie, NPR.org)