Fem millionar sofagriser døyr kvart år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tre av ti over 15 år, rundt 1,5 milliardar menneske, når ikkje dei noverande tilrådingane for fysisk aktivitet, skriv The Lancet.

Bland unge mellom 13 til 15 år får fire av fem for lite mosjon, konstaterer det kjende legetidsskriftet. Dei karakteriserer helseproblema som oppstår som følgje av mangelen på fysisk aktivitet for ein pandemi.

Lite som skal til
Alle som ikkje er moderat fysisk aktive i ein halvtime, fem dagar i veka, eller som ikkje er i kraftig fysisk aktivitet i 20 minutt, tre gonger i veka, eller som kombinerer desse to formene for aktivitet, hamnar i kategorien fysisk passive sofagriser.

Delen fysisk passive aukar med alderen, og kvinner er mindre fysisk aktive enn menn. Innbyggjarane i land der inntektene er høgast, er minst aktive, konstaterer forskarane.

Les òg: Aktive tenåringar blir smartare og rikare

Skremmande
Om ein samanliknar delen sofagriser med statistikk over sjukdommar som diabetes, hjertelidingar og kreft, er biletet skremmande.

Forskarane konkluderer med at mangel på mosjon i 2008 åleine kosta over 5,3 millionar menneske livet. Dei samanliknar fysisk passivitet med risikofaktorar som røyking og ekstrem overvekt.

Rundt 6 prosent av alle hjartesjukdommar, 7 prosent av alle tilfelle av diabetes 2 og 10 prosent av bryst- og tarmkreft-tilfelle kan tilskrivast mangel på mosjon.

Sit stille
Om sofagriser berre var i fysisk aktivitet 10 prosent meir enn i dag, ville over ein halv million dødsfall vore unngått kvart år, lyder det forsiktige overslaget til forskarane.

Trass i at den positive helseeffekten av mosjon lenge har vore kjent, blir det gått, sprunge og sykla stadig mindre i verda. Stadig meir av tida sit vi stille, anten framfor ein PC, i bil eller i sofaen. (©NPK)

Les òg: Treninga med livet