Fem dataspel som utfordrar maktstrukturar

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dataspel blir ofte sett på som passiviserande. Feil, seier spelforskar Emil Hammar. Han meiner at dataspel kan minna oss om det som skjer utanfor spela, og at dei kan hjelpa oss til å få innleving og forståing for situasjonen til andre. Samstundes minner forskaren om at dataspel også er ein del av samfunnet og tar del i uretten som finst i verda.

Me har spurt Hammar om tips til spel med eit maktkritisk potensial – spel som provoserer, engasjerer og utfordrar. Sjekk dei fem tipsa i lista under!

Alle spela kan kjøpast og lastast ned frå Steam eller andre nettstader.

Denne veka vann Hammar ein skrivekonkurranse om dataspel i regi av Fritt Ord. Les vinnarteksten her: Digitale slavar av historiske traume

Les også intervjet vårt med spelforskaren: – Spel er ikkje berre spel

1.   Assassin’s Creed: Freedom Cry

Spelet Hammar skildrar og drøftar i «Digitale slavar av historiske traume». Du speler Adéwalé, ein eks-slave i Haiti på 1800-talet som kjempar for å frigjera andre slavar. Emil Hammar meiner spelet gir ei «reinsing» for historisk urett, men likevel utan å kunna bryta ut av uretten som framleis pregar verda. OBS: 18 års aldersgrense.

2.   MolleIndustria

Ikkje eit spel, men eit spelselskap frå Italia som lagar ei heil rekkje med satiriske og politiske spel under slagordet «Radical Games Against the Tyranny of Entertainment». Mellom spela er «McDonalds Game» om snøggmatindustrien, og «Faith Fighters» der religiøse leiarar og profetar som Jesus og Mohammed slåst mot kvarandre.


Grafikk: MolleIndustria.

3.   This War of Mine

Eit annleis krigsspel, der du ikkje speler soldat i krig, men sivile som kjempar for å overleva i ein krigsherja by.


Promofilm: 11 Bit Studios/Youtube.

4.   Papers, Please

Du speler ein grensevakt i ein fiktiv Sovjet-stat under den kalde krigen. Spelet gir deg moralske problemstillingar der undertrykte individ sine behov blir sett opp mot strukturane som har makt over deg, seier Emil Hammar.


Promofilm: Dukope/YouTube

5.   Dys4ia

Like mykje eit abstrakt, interaktivt kunstverk som eit sjølvbiografisk spel i retro-arkade-stil, utvikla av Anna Anthropy basert på hennar erfaringar med korleis det er å vera transperson og gå gjennom kjønnskorrigerande hormonbehandling. Emil Hammar kallar det eit døme på «empathy games», der du utviklar empati gjennom å leva deg inn i eit spel.


Grafikk: Anna Anthropy