«Fem år sidan me bestemte oss for at kjærleiken skulle vinne over hatet»

Anna Sofie Ekeland Valvatne
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje eitt minutt stille, men eit liv i kamp

Fem år.

Fem år sidan demokratiet vårt vart testa. Fem år sidan sorg og forvirring la seg over landet. Fem år sidan alt forandra seg.

Men det er og fem år sidan me bestemte oss for at kjærleiken skulle vinne over hatet. Det er fem år sidan me som nasjon stod saman og viste omtanke, toleranse og respekt.

Fem år.

Om berre få dagar reiser eg sjølv attende til Utøya saman med Sosialistisk Ungdom. Det er med blanda kjensler eg kjem til å ta mine fyrste steg på øya det skjedde for berre fem år sidan.

Det å ta attende øya å heidra dei som me mista viser at me er sterke, og at terroristen ikkje har vunne.

Ikkje eitt minutt stille, men eit liv i kamp.