Felles front for nytt opptakssystem: – Karakterar er ikkje nok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev at ein ser på meir enn karakterane

Søknadsbrev, opptaksprøver og intervju kan sikre eit meir rettferdig opptakssystem til høgare utdanning i Noreg, meiner Elevorganisasjonen, Norsk Studentorganisasjon og Sosialistisk Ungdom.

Saman har dei tre organisasjonane sendt eit brev til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) med tre hovudkrav til endringar av opptakssystemet. Tanken er at skulekarakterar ikkje skal ha alt å seie for om ein søkar skal komme inn på eit studium.

– Vi meiner at opptakssystemet i dag, som berre er basert på karakterar frå vidaregåande skule, er for snevert. Det er grunn til å tru at vi mistar mange dyktige studentar ved å ikkje gjere andre vurderingar i tillegg, meiner leiaren i Norsk Studentorganisasjon, Therese Eia Lerøen.

LES OGSÅ: Elevar med dårlege karakterar mest mobba

For det første ønskjer dei altså opptaksprøver – praktiske eller skriftlege prøver til opptak til utdanningar som i dag ikkje har slike. Dessutan ønskjer dei intervju til utdanningar der personlege eigenskapar er viktige. At det allereie ligg an til fleirtal på Stortinget for opptaksintervju for lærarstudentar, er dei glade for.

Det siste hovudkravet er såkalla motivasjonsbrev – der søkaren sender eit skriftleg søknadsbrev til studiet. Her kan søkaren leggje fram ikkje-akademiske kvalifikasjonar og motivasjon for å søkje studiet.

LES OGSÅ: Har fått nok av toppkarakterar

– Vi har eit opptakssystem som høyrer heime i det førre hundreåret. Vi håper dette blir startskotet for eit moderne opptakssystem der alle elevar får høve til å lykkast, seier Nicholas Wilkinson, leiar i Sosialistisk Ungdom.

– Vi treng ei opptaksordning som tar omsyn til heile eleven, og ikkje berre kor skuleflink han har vore, seier leiaren i Elevorganisasjonen, Kristoffer Hansen. (©NPK)

LES OGSÅ: Karakterar tel ikkje mest for læreplass