Fekk valkort på bokmål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har ei mållov som gjeld, og Leikanger er ein kommune som brukar nynorsk. Då burde det tilseia at ein bør kunna få desse korta på nynorsk, seier Bolstad.  

Onsdag hamna valkorta som skal nyttast under stortingsvalet i postkassa til alle husstandar i Leikanger. Bolstad sitt var på bokmål, og det likar han dårleg.  

Sende e-post  
Han synest det er viktig å seia ifrå, og har no varsla kommunen.

 – Eg har sendt ein e-post til Leikanger kommune og bede om at dette vert retta opp. Det gjorde eg fordi eg ventar at dei tek målform på alvor. For meg er språk viktig og me har to jamstilte målformer. Eg ynskjer respekt for at eg har valt nynorsk, seier han, og legg til at han ynskjer seg eit nytt valkort, då på rett målform.

LES OGSÅ: Tungt lesestoff

 Gløymde å velja  
Bokmålskorta skuldast ein glipp hjå kommunen.  

– Det er departementet som sender ut valkort, utifrå informasjon som kommunane sender inn. Det kan sjå ut som me då har gløymt å velja nynorsk, opplyser serviceekspedisjonen til Leikanger kommune.  

Dei seier vidare at det er mogleg å få nytt valkort.  

– Om nokre ynskjer å få eit nytt valkort på nynorsk, så kan dei ta kontakt med oss.

Les saka i Sogn Avis!