Fekk positive signal – men ikkje pengar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag var toppleiinga ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) og Universitetet i Stavanger (UiS) i møte med politisk leiing i Kunnskapsdepartementet i Oslo.

– Eg synest det var eit godt møte. Eg vil gje honnør til både UiS og HSH som no ser om dei kan styrkje seg gjennom ein fusjon, seier Torbjørn Røe Isaksen til HSH-info.

Han forventar at institusjonane kan levera meir verdsleiande forsking etter fusjonen.

– Dei vil òg kunne styrkja den regionale drivkrafta på profesjonsutdanningane og forsking, saman med næringslivet, understreka statsråden.

Kunnskapsdepartementet vil ha ein dialog med leiinga ved UiS og HSH i prosessen vidare. Kunnskapsministeren vil ikkje lova HSH og UiS pengar, men seier at dei som er tidleg ute med å fusjonera, kan venta seg såkalla SAKS-midlar.

LES OGSÅ:Lærarstudentar vert verande

Klare krav

Rektor Liv Reidun Grimstvedt ved HSH presiserer at levande kampusar på Stord og i Haugsund, styring av utdannings- og forskingstilbodet i regionen – og det å sikra høg fart på kompetanseutviklinga hos dei tilsette, er ein føresetnad for å gå vidare.

Universitetet i Stavanger er tydelege på at ein fusjon kostar og at rammevilkåra må vera gode og avklart før ein eventuelt går vidare til konkrete fusjonsforhandlingar.

– Me var særs tydelege på dette overfor Statsråden og Departementet. No forventar me at statsråden på nyåret følgjer opp og gjev oss ein tilbakemelding omkring dette, seier Grimstvedt til HSH-info.

LES OGSÅ: Skrinlegg Vestlands-universitet