Feitare av å føle seg feit

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forsking: Feitare av å føle seg feit

Normalvektige sekstenåringar som meinte dei var overvektige, hadde 40 prosent høgare risiko for å li av fedme som 28-åringar, enn ungdommar som følte seg normalvektige i tenåra.

LES OGSÅ: Tjukk av actionfilmar

Høgrisikogutar
Forskarar ved Florida State University såg på data frå 6523 amerikanske ungdommar som deltok i ei stor helseundersøking.

Tankemønsteret såg ut til å verke mest inn på gutane si vekt. Der hadde dei som følte seg feite 89 prosent høgare risiko for å ende opp med ein BMI på over 30, som er grensa for fedme.

Ifølgje Forsking.no, som først omtala saka, bekreftar den amerikanske studien resultata frå ei mindre norsk studie.

LES OGSÅ: Mindre aggressiv med feit mat

Sjølvoppfyllande profeti
I Noreg fann forskarane at dei som følte seg feite hadde høgare risiko for å verte overvektige, altså ha ein BMI på over 25, i vaksen alder.

At nokon set i gang med usunne slankekurar og får dårlege matvanar fordi dei føler seg overvektige, kan vere ei forklaring på at det å føle seg feit vert ein sjølvoppfyllande profeti, peikar tidlegare amerikansk forsking på.

Faktaboks

BMI (kort for Body Mass Index eller KMI – kroppsmasseindeks)

Ein formel som syner balansen mellom høgd og vekt

BMI = vekt(kg) / høyde(m)2

BMI indikerer om ein person er over-, under- eller normalvektig

Formelen er ikkje heilt eksakt

Kjelde: Wikipedia, Norsk helseinformatikk