Tema: innvandring, studentliv

Færre nye utanlandske studentar

Talet på utanlandske studentar i Noreg ser ut til å flate ut, etter at talet steig kraftig i fleire år.

NPK-NTB-Kjell Arild Nilsen
fredag 13. juli 2012 10.00

Færre nye utanlandske studentar Utanlandsstudent. Bilete: Colourbox.

Låg studieavgift er hovudgrunnen til høge søkjartal, og flest studentar kjem det frå Kina, USA og Russland.

Frå 2009 til 2011 auka søkjartalet med 50 prosent, ifølgje UDI. Men i 2012 ser talet ut til å bli omtrent som i fjor.

Så langt i år har 1.806 personar frå land utanfor EØS-området søkt om opphaldsløyve for å studere ved ein høgskule eller universitet. Det er litt færre enn i same periode i fjor.

I tillegg er det gitt 722 andre utdanningsløyve, blant anna for faglærte som ønskjer å studere norsk for å kunne jobbe i Noreg. 543 personar søkte om eit slik studieløyve første halvår i 2012, og det er ei tidobling på to år. Det er også gitt 550 løyve til au pair-stillingar, som også blir rekna som utdanning.

Nesten gratis
UDI påpeiker at ein viktig grunn til den auka studieinnvandringa til Noreg er dei låge studieavgiftene her i landet.

Etter at Sverige innførte høgare studieavgift for borgarar utanfrå EØS-området i 2010, har talet på utanlandske studentar nærast rasa, påpeikte UDI-direktør Frode Forfang torsdag.

– Talet er gått tydeleg ned, sa han.

Island og Noreg krev framleis berre ei relativt låg semesteravgift for å studere, medan andre land i EØS-området no har betydeleg høgare avgifter for studentar frå andre land.

Ei anna årsak til auken dei siste åra kan vere at norske studiestader har drive aktiv rekruttering for å få utanlandske studentar til Noreg, meiner UDI.

Kina, Russland, USA
Til studie ved universitet og høgskular er det som i tidlegare år flest søkjarar frå Kina, Russland og USA.

Tar ein med faglærte som skal studere norsk språk, er filippinarar den største gruppa. 373 filippinarar har søkt om studentløyve i Noreg så langt i år. Det er nesten tre gonger så mange som i same periode i fjor og sju gonger talet i 2010.

– Dette er eit type løyve som vart innført i 2010, og vi ser at stadig fleire ønskjer å nytte seg av denne inngangen til den norske arbeidsmarknaden, seier Forfang. (©NPK)


Oppdatert: fredag 13. juli 2012 10.53
Kommentarar 0