i samarbeid med ABC Startsida
Tema: Miljø
Om tre veker er alle «gammaldagse» lyspærer forbodne i Noreg og resten av Europa. Det kan bli problematisk for forbrukarane.
NPK
fredag 10. august 2012 11.36
Gamle lyspærer blir straks forbodne. Bilete: Colourbox.
Miljøomsyn er grunnen til at glødepærene har vorte gradvis utfasa i tre år. Den siste tida har det berre vore klare lyspærer under 40 watt å finne i butikkane. Frå 1. september blir også desse forbodne. Butikkane kan selje ut lageret, men deretter må du finne tilsvarande i halogenpærer, lysrøyrlamper eller LED-lys.
Administrerande direktør Petter N. Haug i Lyskultur spår at det blir vanskeleg for forbrukarane å orientere seg i jungelen av nye pærer.
– Vi ser alt no teikn til kaos på marknaden. Mange kundar veit ikkje kva type lyspærer dei no skal velje, seier han til NRK.no.
I verste fall kan ein bli nøydd til å kaste gamle lyskjelder fordi ein ikkje finn pærer som passar. Det er også mange typar nye pærer og ulike spesifikasjonar. Haug rår folk til å sjekke kvaliteten på pærer og lamper godt før dei kjøper. (©NPK)