Får ikkje landbruksjobb etter enda utdanning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får ikkje landbruksjobb

Dette kjem fram av ein ny rapport som mellom anna Østlandsforskning står bak og som har evaluert landbruksfaga og kartlagt behovet for landbruks- og matfag. Ifølgje undersøkinga trivst elevane på landbruksfag, dei er nøgde med undervisinga og dei blir meir motiverte til å jobbe med landbruk. Elevane hamnar likevel i eit breitt spekter av yrke etter enda utdanning.

Under halvparten av elevane vel tradisjonelle landbruksfag som skogbruk, gartner og landbruk. Talet på elevane på naturbruk er likevel stabilt over tid.

Elevane på naturbruk har valt utdanninga fordi dei synest den er spennande og er nøgde med utdanninga. Karaktersnittet frå ungdomsskulen er betre enn samanliknbare studieretningar på yrkesfag.

Mange av dei som ikkje fullførar vidaregåande skule finn arbeid i landbruksnæringa. Hovudutfordringa for dei som fullfører utdanninga, er manglande moglegheit for sysselsetting når dei er ferdige på skulen.

Vaksenagronom er ein utdanning tilpassa vaksne som er i ferd med å overta eit gardsbruk, og er i aukande grad den mest brukte yrkesutdanninga for bønder, viser undersøkinga. (©NPK)