Får ikkje drikka kaffi

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studvest skriv om Høgskulen i Bergen sitt forbod mot mat og drikke i klasseromma. Difor får ikkje studentane morgonkaffien i nybygget på Kronstad – og slikt vert det bråk av.

LES OGSÅ: Minst stryk i Bergen

– Eg skal drikka kaffi
Målet med forbodet er å halda klasseromma reine, men morgonkaffien er heilag og blir kjempa for.

– Eg skal drikka kaffi i forelesinga klokka åtte om morgonen. Slik er det berre. Det er jo heilt barneskule, à la å ikkje tygga tyggis eller gå med hue inne, seier studenten Tonje Høiesen Abrahamsen til Studvest.

LES OGSÅ: Får ikkje flytta inn på Kronstad

Ikkje tid til vasking
Audun Rivedal er direktør på høgskulen, og forsvara forbodet med målet om ein ryddig skule.

– Det er såpass høg intensitet på klasseromma og me har ikkje tid til å vaska mellom kvar forelesing, seier Rivedal til Studvest. Han legg til at høgskulen vil at studentane skal komma til eit reint klasserom.

LES OGSÅ: Kaffi får fart på minnet

Heng opp ei søppelbøtte
Ikkje alle kjøper logikken til Rivedal og HiB. Fleire av lesarane til Studvest har kommentert saka, og har peika ut at studentane trass alt kan rydda etter seg sjølv – hadde det berre vore søppeldunkar tilgjengeleg. Noko det, ifølge kommentarane, er lite av på høgskulen.

Det vert og påpeikt at liknande forbod har blitt innført fleire stader før, til dømes ved Universitetet i Bergen, utan at dette blir handheva i særleg stor grad.

LES OGSÅ: Kan bli slutt på god kaffi