Fann restar frå atombomber i Noreg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fann restar frå atombomber

Over 500 atombomber har blitt sprengt i atmosfæren mellom 1945 og 1980.

Når ei atombombe eksploderer over jordoverflata, blir det skapt ei kjempevarm gassky som stig opp i atmosfæren. Dei tyngste partiklane fell ned i nærleiken av staden der bomba gjekk av, men lette og små partiklar kan bli spreidd oppover i jordas atmosfære. Her kan partiklane bli i fleire år mens dei blir med vêret og luftstraumane rundt jordkloden, hovudsakleg på den halvkula der bomba gjekk av.

VIDEO: Drone avslører spøkelsesby ved Tsjernobyl

– Det meste av nedfallet som kom til Norge, har falle ned i område med mykje nedbør, spesielt langs vestkysten som Bergen, Sløvåg og Svolvær, fortel Cato Wendel, forskar ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) til Forsking.no.

Det meste av nedfallet blir bunde opp i regn eller snø, og blir dratt ned til jorda, mens noko daler ned på eiga hand.

Wendel har undersøkt jordprøver frå heile landet som blei samla inn i 1990 og 2005 og kva slags radioaktivitet det er i desse prøvene. Han har også undersøkt gamle luftfilter.

LES OGSÅ: – Tryggare med atomkraft til havs

Gjennom nøye detektivarbeid har Wendel mellom anna funne spor etter ei lita atombombe som blei sprengd i 1962 ved det sovjetiske testområdet Semipalatinsk i noverande Kasakhstan.

Mesteparten av nedfallet i Noreg kjem sannsynlegvis frå det gamle Sovjet. Den største bomba som nokon gong er laga er den sovjetiske Tsar-bomba. Bildet viser ei prøvesprenging av denne over Novaja Semlja.

Sjølv om konsentrasjonane var høgast på Vestlandet, er det framleis snakk om veldig små og ufarlege mengder, ifølgje Statens strålevern.

– Plutonium er ikkje farleg utanfor kroppen, men kan vera farleg viss du får det inn i kroppen. Sjølv i det verst tenkelege tilfellet der eit barn skulle eta jord med slike plutoniumrestar som i Noreg, vil ikkje dette gi farlege høge strålingsnivå, seier Astrid Liland, forskar i Statens strålevern til Forsking.no.

Tsjernobyl-ulukka skaper større utfordringar. Enno skaper ulukka i 1986 problem for dei som driv med sau og rein i Noreg.

LES OGSÅ: Atomkraft kuttar norsk straumpris

Faktaboks

• Eit atomvåpen, eller eit kjernefysisk våpen, er eit våpen med enorme øydeleggjande krefter som brukar energien frå ein kjernefysisk reaksjon som sprengkraft.
• Eitt enkelt atomvåpen kan øydeleggje ein heil by, noko som vart vist under andre verdskrigen da USA bomba dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki i august 1945. Dette er dei éinaste gongene atomvåpen har vorte nytta i krigshandlingar, men prøvesprengingar har vorte gjort fleire hundretals gonger av ulike land.
• Sprengkrafta blir målt i talet kg eller tonn TNT som A-bomba tilsvarer. Den første atombomba vart prøvesprengt i New Mexico, USA, 16. juli 1945.
• Dei kjende atommaktene er USA, Russland, Storbritannia, Frankrike, Kina, India, Pakistan og Nord-Korea. I tillegg er det fleire land som ein veit, eller trur, har atomvåpen, sjølv om dei ikkje vedkjenner seg det.

Les meir på Wikipedia!